Kunngjering - Endring av løyve for utfylling av massar i Store Lungegårdsvann

Fylkesmannen endra 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sitt løyve for anleggsarbeid i Store Lungegårdsvann. Lovleg mengd utfyllingsmassar vart auka med 330 000 m3, til 1 640 000 m3.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2020

Endringa kjem som følgje av at Bergen kommune sin reguleringsplan for Store Lungegårdsvann vart vedteken i Bystyret 25. juni 2020. I reguleringsplanen er arealbruken endra der kommunen skal etablere bystrand og auke parkarealet. Endringa fører til auka behov for massar, som kan leverast frå arbeidet med Bybanen sine tunellar. Vi meiner at endringa ikkje fører til auka risiko for forureining.

Bybanen sin søknad og vårt vedtak ligg i margen til høgre.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.