Fiske etter rømt oppdrettsfisk i Sognefjorden

Etter rømminga av laks frå slakteriet i Brekke opnar Fylkesmannen opp for at oppdrettslaks tatt på garn i deler av Sognefjorden kan avlivast. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2019

Om lag 17.000 laks har rømt frå slakteriet i Brekke. Så langt er det rapportert gjenfangst på om lag 3000 fisk.  

Om fiske i sjø

Det er ikkje lov å fiske laksefisk med garn. I Hordaland og Sogn og Fjordane er det det likevel opna for garnfiske etter rømt oppdrettslaks i perioden 1. oktober til 28. februar i enkelte områder, og etter særskilde fiskereglar. Sognefjorden innanfor Ortmark til Nessane er ikkje eit slikt område, og her er det ikkje opna for garnfiske etter rømt oppdrettsfisk. Det betyr at laksefisk tatt på garn ikkje kan avlivast, og må setjast ut att. 

Opning for å avlive rømt oppdrettslaks i deler av Sognefjorden

På grunn av den store rømminga frå Brekke, opnar no Fylkesmannen for  at bifangst av oppdrettslaks tatt på garn i Sognefjorden innanfor Vildehammeren i Gulen kommune og Nesholmsundet i Hyllestad kommune i perioden 27. septemer til og med 13. oktober kan avlivast.

Vilkåra for opninga er:

  1. Berre fisk som ut i frå ytre kjenneteikn kan stadfestast å vera rømt oppdrettsfisk kan avlivast 
  2. Alt fiske skal følgje gjeldande fiskereglar i sjø
  3. All fangst skal registrerast og rapporterast til Fylkesmannen i Vestland

Meir om fiske i sjø etter rømt oppdrettfisk, finn du på våre sider om fiskereglar

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.