Fiskeforvaltning

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


17.07.2019

Stenging av laksefiske i Sogn og Fjordane

Fisket etter laks i fleire vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden vert i år stengt 14 dagar tidlegare. 

10.07.2019

Meld inn sjøfangst av laksefisk

Miljødirektoratet har lansert ei nettbasert løysing for rapportering av fangst av laks, sjøaure og sjørøye tatt med stong eller handsnøre i sjø.

27.06.2019

Stenging av fiske i Flåm

For å sikre laksebestanden i Flåmsvassdraget stenger Fylkesmannen i Vestland fisket etter laks og sjøaure i Flåmselvi og i utvida munningssone, ut til Dorganeset, i 2019.

01.03.2019

Fiskesesongen laks og sjøaure 2018 i Hordaland

Totalt 6 796 kg laks og sjøaure vart fiska i vassdrag i Hordaland i 2018. Storelva i Arna toppa statistikken for fangst av laks, medan det i Eidfjordvassdraget vart fanga mest sjøaure.

28.02.2019

Skal du fiske i sjøen? Les her først

Fiske i sjø er i Noreg ope og gratis for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren tek til. Frå 1. mars gjeld nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredingssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardangerfjorden er forbode frå 1. mars til og med 30. april.

11.02.2019

Låge fangstar av laks og sjøaure

Det var låge fangstar av både laks og sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2018.