Tilsyn med avløpshandteringa i Askøy kommune

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn 11. og 12. desember 2019 med Askøy kommune med tema avløpshandtering.

Målet med tilsynet var å vurdere om det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i kommunen fungerte tilfredsstillande. Tema for tilsynet var mellom anna internkontroll, utslepp til vatn og krav sett i løyve til drift av avløpsanlegga.   

Vi fann to avvik:

  • Internkontrollen til Askøy kommune er mangelfull for ytre miljø.
  • Askøy kommune oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsforskrifta og fleire krav gitt i løyve.

Kommunen har frist innan 15. juni 2020 med å sende ei skriftleg utgreiing som gjer greie for kva tiltak som er gjennomført for å rette avvika og ein framdriftsplan.

Rapporten datert 12. mars 2020 ligg også på www.norskeutslipp.no.