Landsdekkande tilsyn med branntryggleik i avfallsanlegg

I oktober kontrollerer myndigheitene branntryggleiken på avfallsanlegg og korleis dei avgrensar miljøskadane om det oppstår brann.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2020

Bakgrunn for tilsynsaksjonen

Det har vore eit betydeleg tal brannar og branntilløp i avfallsanlegg dei siste åra. Sidan 2016 er det registrert over 200 brannar i norske avfallsanlegg. Av desse har 14 av brannane oppstått i Vestland fylke. Nokre av brannane har vore særs alvorlege og er følgt opp med reaksjonar frå myndigheitene.

Myndigheitene samarbeider om å redusere tal brannar

Miljødirektoratet og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har gått saman om å komme desse brannane til livs, og tilsynsaksjonen no i oktober er eit ledd i dette arbeidet. Alle fylke er inkludert i den nasjonalt koordinerte tilsynsaksjonen. Fylkesmannen og lokalt brann- og redningsvesen vil gjennomføre felles tilsyn på anlegga.

Målet er å redusere tal brannar og miljøpåverknaden av brannar 

Tilsynsaksjonen vert gjennomført mellom anna for å auke merksemda på førebygging og skadeverknadane av brannar i avfallsanlegg slik at ein får ned talet på brannar. 

Utslepp frå ein brann kan skade miljøet

Å sløkke brannar i avfallsanlegg kan vere svært krevjande og i nokre tilfelle tek det mange dagar. Brannane kan gje utslepp av giftig røyk, og utslepp av brannskum og sløkkevatn kan forureine miljøet nær anlegget.

I kva avfall startar brann oftast? 

Blanda avfall, batteri (særleg feilsorterte), EE-avfall, papir, papp og kartong er høgrisikoavfall når det kjem til kva som brenn oftast. Sjølv om ein intuitivt skulle tru at farleg avfall er eit høgrisikoavfall så vert det ikkje rekna som det. Det har samanheng med at det er gjort gode førebyggjande tiltak for å unngå at ein brann oppstår i denne avfallstypen. Likevel er det slik at anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall kan ha eit stort potensiale for forureining. Dersom brann først oppstår vil farleg avfall ha stor påverknad på grunn, luft, sjø og vatn. 

Vi har plukka ut 16 avfallsanlegg i Vestland som vil bli kontrollerte

Fylkesmannen i Vestland og brann- og redningsvesenet har valgt ut kva anlegg vi skal kontrollere i denne aksjonen, basert på lokal kunnskap og risikovurdering.

Det er i oktober det skjer

Den landsdekkende tilsynsaksjonen vil bli gjennomført i oktober 2020. Resultata frå tilsynet skal etter planen vere klare i mars 2021 og vil bli følgt opp av tilsynsmyndigheitene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.