Kunngjering - Mellombels løyve til avfallsanlegg på Eidsmona

Retura Nomil as har fått løyve til å lagre smittefarleg avfall på sitt anlegg på Eidsmona i Gloppen kommune. Løyvet er utferda som eit mindre tillegg til eksisterande løyve. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2020

Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no.

Fylkesmannen har vurdert at løyvet ikkje vil føre til særleg endra forureiningsfare samanlikna med det som allereie er omfatta av eksisterande løyve. Løyvet er gitt mellombels inntil 1.7.2021.

Vedtaket er gjort i samsvar med hasteparagrafane i forureiningsforskrifta. Vi vurderer at auka kapasitet til å handtere smittefarleg avfall i denne tida er nødvendig for å kunne løyse akutte problem og er av tungtvegande samfunnsmessige interesser. Vidare hastar det med å fatte vedtak i denne saka for å sikre forsvarleg handtering av avfallet.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på
vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om
vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med
referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.