Kunngjering - endra løyve til avfallsanlegg på Eidsmona

Fylkesmannen har vedteke å endre Nordfjord Miljøverk iks sitt utsleppsløyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Eidsmona.

Løyvet er gitt på nærare vilkår. Anlegget kan etter dette handtere større mengd avfall og kan drive på noko større areal. Fleire krav til drifta er skjerpa i nytt løyve, mellom anna krav til utslepp av vatn.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Kontaktpersonar