Kartlegg mottak for jord og stein

Fylkesmannen ber kommunane opplyse om massetippar og massemottak for jord- og steinmassar som ikkje er forureina. Informasjonen skal brukast til å vurdere kva anlegg som i framtida må ha løyve etter avfallsregelverket.

Overskytande jord og stein skal disponerast i tråd med avfallsregelverket

Miljødirektoratet har i faktaark om mellomlagring og sluttdisponering av jord- og steinmassar som ikkje er forureina, klargjort at overskytande jord– og steinmassar frå samferdsleutbygging og andre anleggsarbeid normalt skal reknast som næringsavfall. Slike massar skal disponerast i tråd med avfallsregelverket.

Anlegg som deponerer jord og stein må snart ha løyve frå Fylkesmannen

Anlegg som deponerer jord- og steinmassar som ikkje er forureina treng i dag ikkje løyve etter avfallsforskrifta kapittel 9 om deponering, på grunn av eit særskilt unntak. Unntaket er ikkje i tråd med deponidirektivet i EU, og Miljødirektoratet arbeider med endring av forskrifta. Etter endringa må også slike anlegg ha løyve frå Fylkesmannen. For å få oversikt over kor mange anlegg som må ha løyve som følgje av endringa, har Miljødirektoratet bedt fylkesmennene om å kartlegge aktuelle anlegg.

Aktuelle anlegg

Kommunane er bedt om å opplyse om anlegg som

  • er ein massetipp/massemottak der massar er plassert permanent
  • tar imot jord og stein som ikkje er forureina, frå fleire aktørar eller prosjekt, over lenger tid
  • er i drift eller skal drive vidare

Kommunane har i dag ulik praksis for korleis massetippar/massemottak er regulert. Nokre anlegg har reguleringsplan, nokre driv etter dispensasjon, nokre er regulert etter forureiningsforskrifta kap. 4 om planeringsfelt (bakkeplanering) og nokre kan vere regulert etter nydyrkingsforskrifta, eller ein kombinasjon av desse.