Kunngjering - utsleppsløyve til dyrking av makroalgar i Agnalsvika i Fjaler kommune

Seaweed AS har den 4. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til dyrking av makroalgar i bøyestrekkanlegg på lokaliteten Agnalsvika. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.05.2020

Løyvedokument med vurdering av saka ligg til høgre på sida her. Løyvet etter forureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av fylkeskommunen. Vår fråsegn til fylkeskommunen av konsekvensar for naturmiljø og friluftsliv er teke med i løyvedokumentet (side 6).

Rett til å klage

Partane som er involverte i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet.

Merk klagen med referansenummeret som står i løyvedokumentet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.