Søknader om mellombels auka lokalitets-MTB for akvakulturanlegg

Akvakulturanlegg kan som følgje av koronasituasjonen få behov for å mellombels ha meir fisk ståande i anlegget enn den maksimalt tillatne biomassen (MTB) på lokaliteten. Det må søkast om endring av løyve for dette.

Søknadsskjema og meir informasjon ligg på nettsida til Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet vidaresender søknader til Fylkesmannen og Mattilsynet.