Akvakultur

Havbruksnæringen produserer trygg, sunn og god sjømat, og skaper viktige arbeidsplassar og verdiar. Noreg har oppdrett av laks, regnbogeaure og andre artar langs hele kysten og på innlandet. Langsiktig vekst i næringa er avhengig av at belastninga på miljøet vert halden innanfor akseptable rammer. 

Fylkesmannens oppdrag er å vurdere om oppdrettsanlegget kan komme i konflikt med regionale og nasjonale interesser. Konfliktar knytt til friluftsliv, naturvern, vilt og fiskeinteresser står sentralt i Fylkesmannens vurdering. Eit vilkår for å få løyve til å drive fiskeoppdrett, er at det også blir gitt utsleppsløyve etter forureiningslova. Det er Fylkesmannen som gir slike utsleppsløyve. Det blir også stilt krav til avfallshandtering og kjemikaliebruk.

Fylkeskommunen har tildelingsmyndigheten og koordineringsansvaret for søknader om akvakulturløyve. Fylkeskommunen tek den endelege avgjerda, og gir løyve til å drive fiskeoppdrett.

Vis meir


14.10.2020

Kunngjering - Nytt løyve til forureining for settefiskanlegg i Gloppen kommune

Sande Settefisk AS har 08.10.2020 fått utvida biomassetaket sitt i løyvet etter forureiningslova for produksjon av settefisk på lokaliteten Sande.

16.09.2020

Kunngjering – Endra løyve til forureining for oppdrettsanlegg i Høyanger kommune

Osland Havbruk AS har 15.09.2020 fått utvida biomassetaket i løyvet etter forureiningslova for produksjon av laksefisk på lokaliteten Mjølsvik.

27.08.2020

Kunngjering - Endra løyve til oppdrettsanlegg i Tysnes kommune

Lerøy Vest AS har 18. august 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til produksjon av laksefisk på lokaliteten Djupestallen. Anlegget skal utvidast i areal og fekk oppdatert løyve etter dagens standard.

27.08.2020

Kunngjering - Endra løyve til oppdrettsanlegg i Askvoll kommune

Flokenes Fiskefarm AS har 15. juli 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til produksjon av laksefisk på lokaliteten Storevik. Anlegget skal utvidast frå 1560 tonn MTB til 3120 tonn MTB.

26.08.2020

Korallar i vår marine fauna

Vi ser auka trong for å kartlegge korallar i område der det skal utførast marine tiltak.

05.06.2020

Kunngjering – løyve til landbasert akvakulturanlegg i Gulen

Sande Aqua AS har den 28. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til eit landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Rørvikneset, i industriområdet Skipavika næringspark i Gulen.

14.05.2020

Kunngjering - utsleppsløyve til dyrking av makroalgar i Agnalsvika i Fjaler kommune

Seaweed AS har den 4. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til dyrking av makroalgar i bøyestrekkanlegg på lokaliteten Agnalsvika. 

08.05.2020

Kunngjering – løyve til landbasert akvakulturanlegg i Solund

Losna Seafood AS har den 7. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til eit landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Djupvika på Losna i Solund.

08.05.2020

Søknader om mellombels auka lokalitets-MTB for akvakulturanlegg

Akvakulturanlegg kan som følgje av koronasituasjonen få behov for å mellombels ha meir fisk ståande i anlegget enn den maksimalt tillatne biomassen (MTB) på lokaliteten. Det må søkast om endring av løyve for dette.

23.04.2020

Miljøtilsyn i 2019

Fylkesmannen gjennomførte over 100 tilsyn på forureiningsområdet i fjor.

24.03.2020

Fristar for miljøovervaking i akvakulturanlegg og koronavirus

Oppdrettsselskap må melde frå til Fylkesmannen, dersom miljøgranskingar planlagde før 1. juni 2020 vert utsett. 

14.01.2020

Nei til permanent oppdrett på Husevågøy

Miljødirektoratet tillet kun ein produksjonssyklus og krever overvåking av blomkålkoraller.

09.09.2019

Trekker utsleppsløyve for å beskytte ein unik korallførekomst

Fylkesmannen trekker tilbake utsleppsløyvet til Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS grunna fare for irreversible skadar på ein 1,5 kilometer lang korallførekomst ved Husevågøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.

07.01.2019

Miljøseminar for akvakultur

Vi har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fiskeridirektoratet region Vest og Sjømat Norge gleda av å invitere til miljøseminar i Florø 6. og 7. februar.