Miljø og klima

Eit overordna mål for alt miljøarbeid er berekraftig utvikling. Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Fylkesmannen skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


20.08.2019

Søknad om løyve til utslepp av prosessavløpsvatn frå produksjon av sløgd laks

Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om løyve til utslepp av prosessavløpsvatn ved produksjon av fersk sløgd laks på Båtavika 30 i Kvam kommune. Frist for uttale er 22. september 2019.

16.08.2019

Løyve til opprydding i forureina grunn

Lindum AS har fått løyve til å rydde opp i forureina grunn på tomta Husemoen 17 i Ullensvang herad.

05.08.2019

Mottak av stein- og jordmasser, Hauglandsdalen, Askøy kommune

Etablering av mottak for reine massar

17.07.2019

Stenging av laksefiske i Sogn og Fjordane

Fisket etter laks i fleire vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden vert i år stengt 14 dagar tidlegare. 

10.07.2019

Meld inn sjøfangst av laksefisk

Miljødirektoratet har lansert ei nettbasert løysing for rapportering av fangst av laks, sjøaure og sjørøye tatt med stong eller handsnøre i sjø.

10.07.2019

Kystverket Bulandet

Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til undervassprenging av 29 000 m3 massar i innseglinga til Bulandet i Askvoll kommune. Frist for uttale er 30. august 2019. 

08.07.2019

Statens vegvesen Årdal

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av omlag 120 000 m3 sprengstein i Årdalsfjorden ved Årebu i Årdal kommune. Frist for uttale er 26. august 2019. 

08.07.2019

Søknad om mellomlagring av asfaltmassar og brukt betong på Vie i Førde kommune

Entreprenørservice AS søkjer om løyve etter forureiningslova for mottak, foredling og mellomlagring av asfalt og betong. Frist for uttale er 30.8.2019.

01.07.2019

Tilsyn avdekka manglar ved tanklagring

Åtte fylkesmannsembete og Miljødirektoratet utførte til saman 52 kontrollar i årets tanklagringsaksjon. Av desse vart 11 gjennomført i Hordaland og Sogn og Fjordane.

01.07.2019

Krykkjer på flyttefot

Ein av dei mest utryddingstruga fugleartane i Noreg hadde funne ut at Måløy er ein grei stad å bu. Det viste seg etter kvart å bli eit problem for mange partar, og tiltak blei sett i verk for å tilby krykkjene alternativ bustad.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel