Hugs søknadsfrist for produksjonstilskot 15. mars

Fristen for å søke om produksjonstilskot i jordbruket del 1 er 15. mars. Det er tal dyr per 1. mars som skal registrerast. Ver tidleg ute, det løner seg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2020

Nytt for søknadsomgangen 2020 er at søknad om produksjonstilskot kan leverast inntil 14 dagar etter fristen, det vert då trekt kr 1 000 per dag. Etter denne 14 dagars perioden (etter 29. mars) er det ikkje mogleg å levre søknaden utan at det er gitt dispensasjon frå søknadsfristen. Regelverket er strengt og dispensasjon frå søknadsfristen er berre aktuelt når det er ei spesiell forbigåande årsak utanfor søkjar sin kontroll som gjer at søknaden ikkje kunne leverast i tide.

Dersom du har søkt innan fristen 15. mars, og du finn ut at du til dømes har oppgitt feil tal i søknaden, er det mogleg å gå inn i søknaden og endre på søknadsopplysningane innan 29. mars, utan at det vert trekk.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet

Om du har spørsmål i samband med søknaden, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.