Hugs søknadsfrist for del 2 i produksjonstilskot 15. oktober

Fristen for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket del 2 er 15. oktober. Det er tal dyr per 1. oktober og areal i drift som skal registrerast. Ver tidleg ute, det løner seg!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2020

Søknad om produksjonstilskot kan leverast inntil 14 dagar etter fristen, det vert då trekt kr 1 000 per dag. Etter denne 14 dagars perioden (etter 29. oktober) er det ikkje mogleg å levere søknaden utan at det er gitt dispensasjon frå søknadsfristen. Regelverket er strengt og dispensasjon frå søknadsfristen er berre aktuelt når det er ei spesiell forbigåande årsak utanfor søkjar sin kontroll som gjer at søknaden ikkje kunne leverast i tide.

Søknaden skal helst leverast elektronisk. Du finn den på Altinn. Før søknaden vert sendt inn må du trykke på knappen «Kontrollere søknad. Etterpå er det viktig å hugse å trykke på Send inn. Du får då opp eit vindauge med stadfesting på innsendt søknad. Det er vert også sendt ei stadfesting til føretaket sin postboks i Altinn. Dersom det har vore generasjonsskifte på garden i løpet av året, gjeld 15. oktober også som frist for «avtroppande» bonde å søke om avløysartilskot.

Det er viktig at det er rette tal som vert lagt inn i søknaden. Dersom du har søkt innan fristen 15. oktober, og du finn ut at du til dømes har oppgitt feil tal i søknaden, er det mogleg å gå inn i søknaden og endre på søknadsopplysningane innan 29. oktober, utan at det vert trekk. Avløysarutgifter kan etterregistrerast fram til 10. januar.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet 
Om du har spørsmål i samband med søknaden, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.