Har du sett Vipa?

Vipe frå Lista
Vipe frå Lista (Foto: Marton Berntsen (2011))

Regionalt miljøprogram for Vestland (RMP) har ei ordning med tilskot for tilrettelegging av hekkeområde for fugl på innmark. Tilskotsordninga er først og fremst retta mot avlingstap og meirarbeid i samband med utsett og/eller tilpassa slått.

Ordninga gjeld artane vipe, storspove og åkerrikse. Av desse er vipa den arten det er lettast å observere og ta omsyn til.

Om du har mistanke om at nokon av desse artane hekkar på innmarka di, og ønskjer å legge til rette for vellukka hekking, kan du ta kontakt med Fylkesmannen ved miljøavdelinga (kontaktperson Olav Overvoll, e-post fmhooov@fylkesmannen.no eller tlf 55572315) for å diskutere og eventuelt avtale aktuelle tiltak.

For at kommunen skal kunne utbetale tilskot etter søknad, må Fylkesmannen stadfeste at du har tatt kontakt tidleg i hekkesesongen, og at de har blitt einige om tiltak.

Ta også kontakt før gjødsling og slått ved kjente hekkelokalitetar. Vipa lagar ofte reir tidleg/midt i april. Fylkesmannen vil, så langt vi har kapasitet til det, og med hjelp frå Norsk ornitologisk foreining, vere til hjelp med å lokalisere reirplass og foreslå aktuelle tiltak.

Sjå lenke til høgre for meir informasjon om tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (gjeld vipe, åkerrikse og storspove).