Tilskot innan jordbruk og skogbruk

Fylkesmannen har oppgåver knytte til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Fylkesmannen er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Fylkesmannen rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Fylkesmannen gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Fylkesmannen skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Fylkesmannen forvaltar tilskot til næringsutvikling innan landbrukssektoren mellom anna med midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar).

Vis meir


12.06.2019

Regionalt miljøprogram

Her kjem det meir informasjon om dei regionale miljøtilskota.

12.06.2019

Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane

Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet finn du her.

20.03.2019

Tilskot til utsiktsrydding

Fylkesmannen lyser ut midlar til utsiktsrydding for 2019. Søknadene vert handsama fortløpande, og dei skal sendast til kommunen. Tilskot til utsiktsrydding har no felles retningslinjer for Sogn og Fjordane og Hordaland som gjeld frå søknadsomgangen 2019.

07.03.2019

Søk om produksjonstilskot innan 15. mars

Søknadsfristen for del 1 av søknaden er 15. mars. Du kan søkje om tilskot til dyra du disponererte på teljedatoen 1. mars.