Skogfond

Skogfond sett skogeigaren av ved sal av tømmer
Skogfond sett skogeigaren av ved sal av tømmer (Foto: Dirk Kohlmann)

Føremålet med skogfond er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som vyrket kjem frå, eller i annen skog som skogeigaren har.

Avsetting av skogfond er heimla i skoglova. Skogfondet er sett saman av midlar som skogeigaren pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Kvar skogeigedom har ein eigen fondskonto, og skogfondsmidlane er knytt til skogeigedommen.


23.04.2020

Endra reglar for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige og bruk av skogfond

Landbruksdirektoratet har endra praksisen for bruk av skogfond for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige. Dei kan no nytte skogfond med skattefordel til også å dekke meirverdiavgifta på investeringa.