Norges høgaste tre står i Kaupanger i Sogndal

Mange stader ønskjer å ha Norges høgaste tre, og det er jamt på toppen. Torsdag 29. oktober vart kjempe-edelgrana i Kaupanger målt til 51,1 meter, og er no ei greinlengd framfor sitkagrana i Bergen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.10.2020

Sidan konkurransen er så jamn, må treet målast med måleband der det står. Det norske Skogfrøverk, som har frøplantasje i Kaupanger, har tilsette med spesialkompetanse på å bestiga høge tre. Dei stod for målinga.

Sidan 2008 har kampen om Norges høgaste tre stått mellom ei 113 år gamal sitkagran på Tippetue ved Fløyen i Bergen og den 68 år gamle kjempeedelgrana i Kaupanger. Treet i Kaupanger leia lenge, men i 2017 vart sitkagrana i Bergen målt til 50,3 meter. Bergen kunne igjen smykka seg med det høgaste treet.

No må dei sjå seg slått av kjempe-edelgrana i Kaupanger, men det er planar om ny måling av sitkagrana i Bergen, for å kontrollere om den kan ha vakse seg høgare.  

Uansett utfall – Noregs høgaste tre står i Vestland fylke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.