Hogst – slutten eller starten på eit eventyr?

Hogst av gran i Alver kommune, Dirk Kohlmann, FMVL
Hogst av gran i Alver kommune, Dirk Kohlmann, FMVL

Årleg høgg skogeigarar i Vestland fylke ca. 7000 daa med granskog. Hogst er eit avgjerande moment i skogen sitt liv. Skogeigaren må ta viktige, og helst riktige, avgjersler til rett tid. Dette er som å kjøpe hus – det står pengar på spel og skjer ikkje akkurat kvar dag.

Å hogge skog som har levd eit langt liv – ofte langt over eit menneskeliv – skal ein ikkje ta lett på. Skogen var planta med ei mening og med følelsar for natur, gardsdrift og ein evigvarande og saumlaus produksjon frå generasjon til generasjon. Når skogeigaren vel å hauste av skogen sin, må det tenkast gjennom fleire ting på førehand, slik at ein ikkje gjer skade på ressursane. 

Før skogsdrift bør ein tenkje gjennom følgjande: 

  1. Søk kunnskap (til dømes: skogbruksansvarleg i kommunen, skogbruksleiar, fylkesmannen, entreprenør, naboar) i god tid. Høyr alltid med fleire enn ein. 
  2. Vurder hogstalder – er skogen hogstmoden? Kan skogen stå enno litt lenger? Kan eg vente? Det er stor verdiauke i granskogen når han er 50-70 år. Venter du 10 år kan innteninga auke mykje. 
  3. Neste generasjon skog. Tilrettelegging for den nye skogen skjer under hogsten og lyt derfor avklarast først. Skal det tingast plantar*? Skal det setjast igjen frøtre av furu? Bør det markflekkast* i samband med opprydding i hogstfeltet? Kor mykje lyt setjast av til skogfond? 
  4. Maskinar og tømmerbil til og frå skogen. Vegstandard, vegbygging*, velteplass* og vendeplass for tømmerbil må vurderast. Mykje av overskotet kan bli ete opp om tømmerbilen må køyre utan tilhengar (kipping). Med skogfondordninga kan vegbygging i samband med skogdrift gjerast særs rimeleg. Kontakt kommunen for råd om dette. 
  5. Tilhøve som kan gjere skogsdrifta dyrare: Bratt terreng (taubane*, vinsj*, gravedrift), miljøomsyn*, kulturminne*, el-leidning, jernbane, drikkevasskjelder, friluftsinteresser*vêr/årstid. Omsyn og ekstra kostnader må avklarast med dei som skal utføre drifta. 
  6. Stordriftsfordelar. Både vegbygging og skogsdrift lyt organiserast i lag med naboar – her kan det vere store økonomiske fordelar. 
  7. Få alt skriftleg – ikkje la nokon hogge i skogen din utan kontrakt. I tillegg til dei oveståande punkta lyt det avklarast kven som skal ta kostnader til graving, samt oppussing av sporskadar og vegar. Avklar òg om og korleis maskinar kan nytte eksisterande vegnett og kven som brøyter når. Uførutsette problem kan fort gje høge kostnader – deloppdrag på timebasis vert sjeldan tilrådd. 

Under skogsdrift: 

  1. Følg med. Følg med på sporskadar, blokkerte vassvegar, skadar på veg - då kan det ordnast medan det stadig er maskinar på plass. Følg med på kor mykje som vert hogd. 
  2. Det kjem regn! Følg med på stikkrenner og avrenning frå feltet. Avrenningsskadar på vegar - det kostar! Dette gjeld òg i tida etter at hogsten er ferdig. Trea bind mykje vatn. 

Finn meir info om hogst, forynging, skogfond og tiltak i skogbruket i Bondeboka.no