Informasjonsmøte om marknadshagedrift og kurs i småskala grønsaksproduksjon

Den 18. og 19. september vil det bli informasjonsmøter i Jølster og Bergen, for eit kurs i etablering og drift av ein marknadshage. Kurset er eit ledd i ei nysatsing på småskala grønsaksproduksjon for lokalsal på Vestlandet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.08.2019

Det vert to informasjonsmøter:

18. september - Skei i Jølster, Thon hotell - kl 18 - 21
19. september - Bergen, Lystgården på Landås, Kanonhaugen 39, kl 18 - 21.

Link til streaming av møtet i Bergen: 

https://rec.vnor.com/live?id=brktB5PQwfoxUTOp0kIcuWETsdbaJieZ%2FMSvUKZe7OueSpOQOLY3EAFpZTWP45DEvLpkOAo%2FSuDPHrjPoXM%3D

Møta er gratis, men me treng påmelding (nedst på sida) for bestilling av kaffimat.

Ynskjer du å drive småskala grønsaksproduksjon for sal på Bondens marknad, REKO-ringar eller andelslandbruk? I vinter (nov.-mars) kan du delta på kurs for å sikre ein trygg oppstart for allsidig småskalaproduksjon av grønsaker. Målet er at du skal få lønsemd i eit grønsaksfelt på 2-5 dekar, gjennom prinsippa for marknadshagar. Me gjev deg ein smakebit på korleis det er å drive allsidig grønsaksproduksjon for direktesal, på informasjonsmøtene i september. Men veit du at du vil delta på kurset kan lese meir om kurset her og melde deg på allereie no.


Kom og høyr erfaringar frå små skala og allsidig grønsaksproduksjon frå Ryan og Katinka:

Ryan Wanamaker og Katinka Kilian er erfarne grønsaksdyrkarar, men klarar også å halde fokus på marknad og er gode til å kommunisera med kundane sine

Katinka Kilian frå Undeland Gard, som i lag med mannen sin har drive intensiv grønsaksproduksjon for sal i fem år, og driv Ulvik Andelslandbruk med omlag 100 andelshavere. Dei dyrkar rundt 50 ulike kulturar på 4 dekar, med levering kvar veke, til hushald i Bergen, Voss og Hardanger. Katinka vil fortelje om praktiske erfaringar, korleis dei stadig forbetrar den økologiske grønsaksproduksjonen og rekrutterer kundane sine. Heimeside for garden: Undeland gard

Ryan Wanamaker er gartnar på Kompetansesenteret for urbant landbruk på Voll 4-H-gård i Trondheim. Han har over 10 års erfaring med å dyrke grønsaker i USA etter marknadshagemodell, før han no på tredje året, dyrkar grønsaker i Trondheim. Ryan brenn for ein intensiv og bærekraftig småskalaproduksjon av grønsaker, og vil fortelje om rasjonalisering gjennom planlegging og mekaniske løysingar. Han vil snakke engelsk under foredraget. Les meir om Voll gård.

Til inspirasjon før møtet: Sjå film om marknadshagen til Avdem gardsgrønt på Lesja.

Arrangørane: Rekrutteringsmøtene er eit samarbeid mellom Landbrukets økoløft og arrangørane av kurset: Bondens Marknad, Norsk landbruksrådgiving, Bybyonden i Bergen og Fylkesmannen i Vestland. Kurset har fått støtte frå Hordaland Fylkeskommune (RULL-midlane) og Norsk landbruksrådgiving.

Kontaktperson Bondens Marknad: Maya Riise, maya@bondensmarked.no 

PÅMELDING: frist 16. september, pga bestilling av kaffimat:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar