Ny og betre bondebok

Bondeboka framside
Bondeboka framside (Foto: Bastian Hoffmann)

Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland har revidert Bondeboka og kan no presentere ein ny og oppdatert versjon. 

Treng me enda ei landbruksside som gjev gode råd til bonden?, vil nokon seie. Er kunnskapsjungelen ikkje vanskeleg nok å finne fram i frå før? Held det ikkje med Landbruksrådgjeving, Norsk Landbrukssamvirke, Bondelaget, Tine og Felleskjøpet sine nettsider? 

Korleis bonden kan oppnå betre agronomi på garden sin er godt forklart mange plassar. Vi hjå Fylkesmannen ser likevel at det er mangel på kunnskap rundt det forvaltningstekniskeKva vil det sei å eige og drive ein gard? Korleis kjem du, som ny bonde, i gang med produksjon på garden? Kva alternative, og helst klimasmarte produksjonar, kan du satse påAlle bønder eig skog, men kven kan eigentleg hjelpe bonden med forvaltinga av denne viktige ressursen? Alle er glad i lokal mat, men korleis vert ein gardsmatprodusent? 

Fylkesmannen har ikkje alle svara, men held seg oppdatert på kven som kan levere svar og kunnskap rundt desse tema. Vi kan mykje om agronomi, men forståinga av forvaltninga genereltdet til tider innfløkte forvaltingsspråket, tilskot, juss og det offentlege nettverket er vår sterkaste side.  

Bondeboka er eislags landbruksforvaltnings-ABC som skal guide brukaren gjennom ordningar, lovar og reglar. Nettside-statistikken og tilbakemeldingar gjev oss grunn til å tru at sida er verdfull for mange. Den er hyppig brukt over heile landet.  

Vi set stor pris på tilbakemeldingar, innspel og kritikk, og ynskjer å vedlikehalde og oppdatere denne sida fortløpande.