Fullbooka landbrukskonferanse set klima på dagsorden

Nesten alle kommunane i den nye regionen Vestland er representerte når landbrukskonferansen Klimaklokt vestlandslandbruk vert arrangert i Sogndal 3. og 4. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.08.2019

Vi håpar konferansen kan bli eit startskot, at deltakarane kan få motivasjon og kunnskap – og ikkje minst gode verktøy – til å setje i gang lokalt og dra med seg fleire i klimadugnaden. Mange er allereie godt i gang, og det skal vi også få høyre om, fortel arrangørane.

Klima engasjerer

Sidan mars i år har Kristin Arnestad i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Heidi Bjønnes Larsen i Hordaland fylkeskommune og Karoline Bjerkeset og Ragna Flotve hjå Fylkesmannen i Vestland jobba med og planlagt konferansen. Dei opplever at temaet har slått an, responsen frå kommunane har vore svært god, og no har ikkje hotellet plass til fleire deltakarar.

Klimatematikken er todelt. Det eine er korleis landbruket kan bidra i klimadugnaden, korleis kan næringa redusere utslepp av klimagassar. Den andre sida er korleis landbruket sjølv må tilpasse seg eit endra klima. Det siste ser direktør Jakob Simonhjell i Norsk landbruksrådgjeving nærare på med føredraget For mykje og for lite vatn.

God variasjon i programmet

Arrangørgruppa er nøgde med innhaldet i og samansetjinga av programmet. Deltakarane får to fullpakka dagar med litt av mykje.

– Vi har mange gode innleiarar, og vi meiner variasjonen gjev konferansen ein ekstra dimensjon. Vi har store, nasjonale namn, og vi har lokale krefter, som kjenner vestlandslandbruket på kroppen. Deling er eit stikkord. Vi ønskjer at deltakarane skal dele erfaringar, mange har alt gjort mykje, og vi kan lære av kvarandre og finne løysingar saman, seier dei.

Blant innleiarane er:

  • professor emeritus, Reidar Almås, Institutt for rural- og regionalforskning
  • forskar Kjersti Holt Hansen, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi
  • professor Birger Svihus ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • landbrukssjef Laila Bjørge i Meland og Modalen kommune
    mjølke- og kjøtprodusent Turid Haga Vange i Vik i Sogn


Skal vere tilretteleggjarar

Deltakarane på konferansen er i hovudsak kommunetilsette. Som arrangørar ønskjer både fylkeskommunen og Fylkesmannen å vere pådrivarar for kommunane og leggje til rette for godt arbeid.

Eit mål med konferansen er å få til endring på grasrotplanet, at deltakarane blir motiverte til å reise heim og jobbe vidare med klima i kvardagen sin.

For meir informasjon
Kristin Arnestad, Sogn og Fjordane fylkeskommune, 906 16 843
Heidi Bjønnes Larsen, Hordaland fylkeskommune, 996 13 868
Karoline Bjerkeset, Fylkesmannen i Vestland, 57 64 30 93
Ragna Flotve, Fylkesmannen i Vestland, 55 57 21 72

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.