Etablering av ny trebearbeidande industri på Vestlandet gir «Slow Wood»-effekt

Statsminister Erna Solberg opna i dag Norske Elementfabrikker AS i Frekhaug/Meland kommune. Her flankert av den nasjonale tredrivaren Åsmund Bunkholt, Trefokus AS og den regionale tredrivaren Dirk Kohlmann, Fylkesmannen i Vestland
Statsminister Erna Solberg opna i dag Norske Elementfabrikker AS i Frekhaug/Meland kommune. Her flankert av den nasjonale tredrivaren Åsmund Bunkholt, Trefokus AS og den regionale tredrivaren Dirk Kohlmann, Fylkesmannen i Vestland

Statsminister Erna Solberg stod for den offisielle opninga av Norske Elementfabrikker AS. Med dette har Vestlandet fått ei viktig verksemd for foredling av regional tømmer.

Styreleiar Johnny Gangsø kunne fortelje at det første idédrøftingsmøte for ca. 10 år sidan fann stad på Statens hus, hjå Fylkesmannen i Bergen. Dei nasjonale og regionale tredrivarane har bidrege med nettverk og kompetanse til at dette vart ein realitet i dag. 

Dette er ei viktig satsing for Vestlandsregionen. I Vestland fylke vart det hogd 435 000 kbm i 2018 og hogstkurven peiker oppover. Skogane våre veks godt og leverer trevirke med god kvalitet. Meir tømmer vil bli hogd framover om skogeigaren er tolmodig nok til å vente på at granskogen vert hogstmogen etter kvart. 

Den globale tømmermarknaden er i ei vanskeleg fase. I Europa er det mykje tømmer tilgjengeleg etter omfattande stormskader og meir vil sikkert kome når ekstremvêr-situasjonar vert normalitet. Allereie no vert grana rekna som eit ueigna treslag i mange europeiske regionar.  

Vestlandet treng fleire trebearbeidande verksemder slik at meir av tømmeret kan bli til norske foredla treprodukt. Dette gir betre økonomi for skogeigaren og auka sysselsetjing i bygdene våre. NEFA-etableringa i Meland kommune er eit godt døme på at grundarar som Håkon Nesheim, Alvergruppen og Byggmester Markhus ser moglegheiter i regionalt råstoff, korte transportvegar, lokal produksjon, etablering av lokale arbeidsplassar og kort veg til den vestnorske byggemarknaden. 40 mill kr er investert, no gler vi oss til å sjå fleire bygg med treelement på Vestlandet. 

Kontaktpersonar

Lenkjer