Du grøne glitrande gran god dag - godt resultat krev innsats

No står om lag 1,4 millionar juletre klar for norske stover. Mange forlét rota for veker sidan og ligg allereie lagra og skrik etter vatten. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2019

Dei anar ikkje kva ørkenklima dei har i vente når dei skal inn i dei tusen heimar med luftfuktigheit under 30% og kontinuerlig bris frå varmepumpa på 22 grader. For eit sjokk! Kanskje har dei også susa gjennom vinterkvelden i 80 km i timen på eit biltak og kjent kor brutalt tørt det kan bli, særleg om det er minusgrader.

  • Då gjeld det som juletre-eigar å gjere overgangen frå den norske vinteren så varsam som mogleg ved å først få treet vekk frå kuldegradene i ei bøtte med lunka vatten i kjellartemperatur.
  • Hugs at snittet i stammen skal vere friskt når det når vatnet i bøtta. Har ein høve til å gi treet ein dusj, helst lunka vatten, så har det med seg litt fukt inn i stua. Samstundes vert en del av treet sine leigebuarar som lus og andre kryp, med ned i sluken. Nokre vil nok følgje med inn i stovevarmen, men dei ser ein knapt.
  • Hald rota til treet kontinuerleg i kontakt med vatn! Det er vanskeleg å byte vatn på dei fleste juletreføtene, men fyll på friskt vatn, gjerne dagleg, då det reduserer algeveksten som legg seg på rotsnittet og seinkar vassopptaket.
  • Gje gjerne treet ein dose blomsternæring! Så lenge treet står i ei varm stove vil det gå ein kontinuerleg straum av fukt som fordampar ut gjennom spalteopningane i barnålene. Desse vert igjen forsynt med vatn frå leidningsbanane ytst i veden.
  • Har du juletre av edelgran, gjerne nordmannsgran med mørke blanke nåler, eller fjelledelgran med kraftige lubne skot i blåtonar, så tørkar nålene på treet og ein opplever ikkje dryssing som eit stort problem. Har ein derimot vanleg gran, kvitgran, blågran eller andre variantar av granslekta vert resultatet av tørke raskt nåledryss.
  • Vårt supertips er å spare nokre friske greiner til sjølve julekvelden og legge desse oppå dei nedste greinene på treet, innimellom pynten. Det friskar opp, uansett om treet har tørka eller ikkje. Knus ei handfull barnåler og legg i ei bolle under treet, og det luktar jul i stova!

Forventningane, lukta og hygga med å få inn eit friskt og fint juletre er eit høgdepunkt i juleførebuingane. Kven er det som ikkje drøymer å ta hest og slede til skogs for å hogge sitt eige juletre? Dei fleste på landsbygda kan jo det, eller ein kan oppsøkje aktørar og kjøpe ei slik oppleving. Jula er og blir tradisjon så lat treet, det friske levande, vere ein del av det også i framtida.

God jul!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.