Mobilisering med LivOGLyst

Eit levande lokalsamfunn er ein føresetnad for vekst og utvikling i landet vårt. Filmen Mobilisering med LivOGLyst syner mangfald i korleis LivOGLyst-samfunna går fram, og kva som kan inspirere til aktivitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2020

Eit viktig mål for det regionale utviklingsprogrammet LivOGLyst er mobilisering i lokalsamfunnet. Her skal innbyggarane, med sine ulike interesser og ressursar delta aktivt i å utvikle lokalsamfunnet sitt. Gjennom dette mangfaldet kan det skapast nye aktivitetar, arbeidsplassar og bulyst.

Fylkesmannen i Vestland har, i samarbeid med den regionale partnerskapen og LivOGLyst-entusiastar, laga ein inspirasjonsfilm for å stimulere til mangfaldig mobilisering i lokalsamfunna.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.