Investeringsstøtte til frukt, bær og grønt

Også i 2020 vert det høve til å søkje om tilskot frå Innovasjon Norge til investeringar innan frukt, bær og grønt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2020

Nytt er at alle søkjarar no må konkurrere om ein felles nasjonal pengepott til investeringar i grøntsektoren. Vi ventar at det vert stor konkurranse om pengane, og vi vil difor oppmode alle som går med investeringsplanar om å sende inn ein søknad snarast råd, før pengane vert oppbrukt.

Søknadene vert framleis handsama hos Innovasjon Norge i Bergen og Sogndal, og det skal søkjast digitalt. Kommunen, Norsk landbruksrådgiving og andre kan hjelpe til med dette. Innovasjon Norge kan gje støtte til lønsame tiltak, som til dømes nyplanting, arrondering, vatningsanlegg, dekkesystem, hjortegjerde og kjølelager.

Vestland er den viktigaste regionen i landet på produksjon av frukt og bær. Samanlikna med landet produserer Vestland over halvparten av eple, bringebær, morellar og plommer. Vi har også ein stort produksjon av potet, gulrot og andre grønsaker.

Dersom det er spørsmål, ta kontakt med Innovasjon Norge, Vestland:
Vemund Aartun, Vemund.Aartun@innovasjonnorge.no  
May Britt Otterlei, May.Britt.Otterlei@innovasjonnorge.no  
Ole-Andreas Smette, Ole-Andreas.Smette@innovasjonnorge.no 

Meir informasjon og søknadsskjema ligg på nettsidene til Innovasjon Norge. Sidene vil verte oppdaterte så snart vi veit meir om ordningane.

Innovasjon Norge - Tradisjonelt landbruk
Innovasjon Norge - Regionale prioriteringar for landbruksmidlar

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.