Bonde med mange jern i elden vart heidra med pris

Sveinung Dukstad frå Innovasjon Norge, Vestlandet deler ut prisen til Lars Ingvald Folkedal og Astrid Lien Folkedal.
Sveinung Dukstad frå Innovasjon Norge, Vestlandet deler ut prisen til Lars Ingvald Folkedal og Astrid Lien Folkedal. (Foto: Norges Bondelag)

Lars Ingvald Folkedal har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd. I dag har garden om lag 6 årsverk. I november fekk Folkedal tildelt bedriftsutviklingsprisen for Hordaland. 

Kjelde: regjeringen.no

Å få ei slik anerkjenning frå Innovasjon Norge betyr mykje for meg. Det gjev inspirasjon til å vidare utvikle garden som ein god arbeidsplass både for meg sjølv og andre, og samstundes prioritere kvalitet og berekraft i alle ledd, både innan kjøttproduksjon og treforedling, seier Folkedal.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfald i norsk landbruk i dag. Folkedal er eit godt døme på den spennande utviklinga, det harde arbeidet og dei flotte resultata norske bønder er med på å produsere, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Lars Ingvald Folkedal har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk

Lars Ingvald Folkedal har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk (Foto: Halldis Folkestad)

Gardsslakteri og gardsbutikk

I Folkedal gjev eigne dyr, i tillegg til råvarer frå andre gardar, grunnlaget for årleg slakting og foredling av 25 tonn kjøtt. Folkedal er sjølv slaktar og legg stor vekt på lokal slakting, til det betre både for dyr og matkvalitet. Han produserer også pølser, farse og stykningsdelar på garden.

Folkedal driv sin eigen gardsbutikk der mykje av produkta vert selde. I tillegg leverer han kjøttvarer til storkundar og butikkar. I gardsbutikken sel han òg andre varer, mellom anna lokalprodusert honning og eplemost.

Landbruket må ta eit aktivt klimaansvar i åra som kjem. Folkedal tilbyr kortreist mat, produsert på dyr som går heile sommaren på beite og som slepp å verte transportert lange vegar for slakting. I tillegg nyttar han lokal skog til bioenergi og til bygging av tradisjonsrike hus med lågt karbonavtrykk. Han syner at klimavenleg produksjon kan gje både arbeidsplassar og god lønsemd, og vi treng fleire bønder som han, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.

Vidarefører gamal byggeteknikk

Lars Ingvald Folkedal har også bygd opp eit eige sagbruk der han kan skjere vestlandsgran av store dimensjonar. Her produserer Folkedal tømmer til bygging av grindverkbygningar, som han også jobbar med, både på eigen gard og for andre. Grindeverksteknikken er ein ubroten byggeskikk spesiell for Vestlandet som har vore uendra i 3500 år. Den gamle byggeteknikken fører til låge klimautslepp, med kortreist tømmer og tre som byggemateriale. Resultatet er estetisk vakre bygg, som framleis kan konkurrere på pris.

Den allsidige bonden er også i gong med å bygge ein heilt ny driftsbygning på garden, ein bygning på 1000 m2 med plass for 30 kyr. Denne vert sjølvsagt bygd som eit grindverkbygg. Ein moderne mjølkerobot skal kombinerast med den eldgamle byggestilen. Slakteriet, bustadhuset og den nye driftsbygningen vert varma opp med bioenergi frå eigen skog.

Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Prisen vert delt ut til ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygda og landbruket sine ressursar. I januar får ein av dei fylkesvise vinnarane den nasjonale prisen. Det skjer under Grüne Woche i Berlin.

Kontaktpersonar