Vestlandsmodell for andelslandbruk

Andelslandbruk er ei nyskapande omsetningsform for norsk landbruk. Planleggingsarbeid for ein vestlandsmodell er i gang.  Målet er 10 andelslandbruk i Vestland om to år.

Publisert 10.05.2019

Norsk Landbruksrådgjeving arrangerte, saman med Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune og Økologisk Norge, informasjons- og nettverksmøte om andelslandbruk som omsetningsform i byrjinga av april. Her var det erfaringsutveksling frå etablerte og nye andelslandbruk og dei 30 deltakarane fekk auka kunnskap om  denne nyskapande omsetningsforma i norsk landbruk.

 

Delt risiko

Å dela risiko og få full innsikt i økonomien til andelslandbruket, er eit viktig prinsipp for omsetningsforma. Forbrukaren deler risikoen med bonden ved å betala for varene på førehand, oftast for eitt år om gongen.  Går det dårleg får forbrukaren mindre varer, går det bra får han meir.

Lojaliteten som vert bygd mellom produsenten og forbrukaren er grunnleggande, og fører ofte til dugnadsøkter og sosiale lysglimt på andelsgardane. Matsvinnet vert også mindre når du veit kor mykje arbeidsinnsats som skal til for å laga maten du et.

Det tette bandet mellom bonde og forbrukar skapar auka forståing for norsk matproduksjon og kor mykje kunnskap som må til for å gje oss trygg og god mat.

 

Eksempelbruka skal sanke erfaring

De fleste norske andelslandbruka har eittårige produksjonar, som grønsaker. Det er ein enkel modell der mange av utgiftene til produksjonen vert kjøpt inn kvart år og vert fordelt på alle medlemmene i andelslandbruket. Nokon få andelslandbruk inkluderer også andre landbruksvarer.

Vestlandet er framleis dominert av husdyrhald og utmarksbeite, eller frukt- og bærdyrking. Norsk Landbruksrådgiving Vest vil undersøkja korleis andelslandbruk med sal fra fleirårige kulturar, eller mjølk- og kjøttprodukt kan verta innlemma i omsetningsmodellen.

Målet er å få ein velfundert plan for lanseringa av eit andelslandbruk med husdyrprodukt og frukt/bær i løpet av 2020. Blir erfaringane vellukka kan dei koma med i den nasjonale rettleiaren for Andelslandbruk som organisasjonen Økologisk Norge gjev ut. Det er 4 andelslandbruk i Vestland i dag og målet er 10 innan to år i det nye Vestland fylke.

Les meir om andelslandbruk på www.andelslandbruk.no kor du også kan kjøpe eit rettleiarhefte om andelslandbruk.

Parsellhagar i storbyar blir drifta som eit frivillig lag eller foreining, og er ikkje eit økonomisk samarbeid slik som andelslandbruk er.

Andelslandbruk er ulikt parsellhagedrift

Det kan vere lett å blande parsellhagedrift og andelslandbruk før ein kjem heilt inn i konsepta, og blir kjent med nokre gode eksempel. I en parsellhage driftar alle medlemmane sin eigen parsell, og går ikkje inn i eit økonomisk samarbeid som i eit andelslandbruk. «Parsellistane» er ofte medlemmer i ein frivillig foreining, som sørger for eit godt sosialt og praktisk samarbeid og leigekontrakt for arealet det blir dyrka på (offentlig eller privat jord). I 2018 laga Bergen kommune, Fylkesmannen i Hordaland og mangeårig parsellhagedrifter, Siri Haavie, en parsellhageveileder for oppstart og drift av en parsellhage.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar