Næringsutvikling

Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Fylkesmannen skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Planar og tiltak skal medverke til utvikling av landbruket

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre regional næringsstrategi for landbruket.

Midler til utrednings- og tilretteleggingstiltak i landbruket

Fylkesmannen forvaltar midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar). Aktuelle søkjarar er organisasjonar, selskap og kommunar som skal utgreie eller leggje til rette for næringsutvikling. Tilskotet skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot av UT-midlane.

Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltninga av midlar til rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir

Fylkesmannen i Vestland sitt arbeid med landbruksbasert næringsutvikling rettar seg hovudsakleg mot mat og drikke, reiseliv og Inn på tunet. Fylkesmannen er kompetansesenter for kommunane og bidreg til kompetanseutvikling innan produkt og marknad for landbruksbaserte verksemder.

Lokalsamfunnsutvikling, motivasjonsarbeid, omdømebygging og urbant landbruk er også ein del av næringsutviklingsarbeidet.

Fylkesmannen handssamar også i 2019 søknadar om Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (UTM) etter føringar i Regionalt næringsprogram for landbruket i Vestland.

Næringsutvikling innan tradisjonelt landbruk ligg under områda Husdyr og Jordbruk.


10.05.2019

Andelslandbruk - ny vestlandsmodell

Andelslandbruk er ei nyskapande omsetningsform for norsk landbruk. Planleggingsarbeid for ein vestlandsmodell er i gang.  Målet er 10 andelslandbruk i Vestland om to år.

07.03.2019

Stor aktivitet i vestlandslandbruket i 2018

Innovasjon Noreg løyvde over 100 millionar kroner til etablerings- og utbyggingsprosjekt i landbruket i Vestland, medan Fylkesmannen bidrog til å løyse ut tilsvarande i utgreiings- og tilretteleggingsprosjekt.

01.03.2019

Søknad om midlar til landbruksutvikling i Vestland

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar, som gardsmat, reiseliv og Inn på Tunet (IPT). Frist 1. april.

01.02.2019

Lønsamt samarbeid mellom mat- og reiselivsbedrifter på Vestlandet

Kva konkret kan reiselivs- og lokalmatverksemder samarbeida om for å oppnå auka lønsemd? Dette var temaet då fylkesmennene i dei fire vestlandsfylka arrangerte fagtur til Berlin for 26 verksemder siste helga i januar.