Ost frå Ostegården ut i verda

Den store interessa for Fanaosten etter World Cheese Awards i Bergen i 2018 kan bidra til å bringa ost frå Ostegården til delikatessebutikkar i København og London.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2020

For å få fleire bein å stå på og god vekst i bedrifta, kan eksport av norsk ost vera eit godt alternativ. Almasbruk i Sverige har lenge hatt eksport av osten Tegel. På Ostegåren er dei no med i eit prosjekt leia av Kompetansenettverk Lokalmat Vest, som i mange år har hatt med Geitost frå Sogn på messer i Italia.

Når Ostegården no aukar produksjonen, vil det vere interessant å sjå kva vi kan få til innan kategorien Artisanal Cheese i dei store marknadane, t.d. London og København. I første omgang er det aktuelt med direktesal til nokre ostebutikkar. Dersom det er interesse for den norske osten der, kan me finna fleire mogelegheiter, seier Aud Slettehaug, dagleg leiar i Kompetansenettverk Lokalmat Vest.

Strategien i prosjektet er enkel: å få avtalar med nokre enkeltaktørar for sal mot delikatessebutikkar. Det er her dei kundane som er mest opptatt av ost gjerne går. Det typiske er at dei har lese om osten ein stad og ønskjer å smake.

Ting tek tid

Prosessen vil ta litt tid. Ein må prøva ut marknaden og sjå om det er interesse for å kjøpa osten til den prisen som trengst, og om produktet etablerer seg i marknaden. Det blir truleg ikkje store volum av det, men bra å koma gjennom, internasjonalt. Kven veit, London er kanskje like nært som Bergen.

Fylkesmannen i Vestland har støtta prosjektet i første fase, for å få etablert den første kontakten. Ostegården reiste til London med ost og andre godbitar frå Norge. Kanskje kan andre smakar frå norsk kvalitetsmat også vekkja interesse i storbyen.

Interesse for norsk ost er der ute alt, men prisen er kanskje høg og utfordrande. Det vert spennande å sjå om vi får dette til. Når dei lukkast med eksport frå Sverige, så trur vi også at vi kan få det til frå Bergen og Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar