Inspirasjon til lokal foredling av mjølk

Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide med nokon som vil starte ysteri. Er du kokk, formidlar, bloggar om ost eller på andre måtar interesserer deg for å foredle eller formidle norsk ost og råvarer frå norsk mjølk - velkommen!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2019

Gjennom dagen ønskjer vi å inspirere og gi deg innblikk i kva arbeid som ligg bak ein ost. Råvara, marknaden, regelverk – kort sagt skaffe deg eit overblikk slik at du kan arbeide vidare med din ide eller kanskje komme i gang med ein ide.

Det er i dag underdekning i marknaden for handtverksost i Norge – det er plass til både fleire ystarar, fleire typar ost eller enkle foredlingar lokalt av syrna produkt som surmjølk og yoghurt. Mange kan oppleve å få overskot av mjølk framover og då kan det vere løysinga å legge opp til foredling av 10, 30 eller 50 000 liter mjølk, med relativt små og enkle investeringar på garden.

Formål

Kursa gir deg innsikt i det å foredle eiga mjølk, omfang og oversikt over kva kunnskap du bør ha for å starte. Med foredlingskvote kan du auke mjølkeproduksjonen eller samarbeide med eit handverksysteri – det gir verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon.

Målgruppe

Mjølkebønder med interesse for foredling eller for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.

Aktivitetar

Inspirasjonsdag i oktober gir ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad og regelverk.

Ystekurs

Voss, Store Ringheim
Onsdag 2. oktober kl. 10:30-15:30

Rosendal, Rosendal Fjordhotel
Torsdag 3. oktober kl. 10:30-15:30

Kursleiarar på begge kursa:
Jørn Hafslund frå Ostegården,
Pascale Baudonnel frå Ystebui, osteteknolog/kursleiar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Lokalmat Vest.

Deltakaravgift per person kr 495,-.
Påmeldingsfrist: fredag 27.september
Informasjon og påmelding: Ystekurs

Ostesmaking med Anne Karin Hatling

Samarbeidspartar:
Kompetansenavet Lokalmat Vest
Hordaland Bondelag
Bonde og Småbrukarlaget

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.