Landbruksstatistikk

Sau på fjellbeite
Sau på fjellbeite (Foto: Øyvind Vatshelle)

Her presenterer vi ulik statistikk for landbruket i Vestland.

Vi har laga vår eigen statistikkbank for fylket der du kan sjå korleis landbruket i Vestland utviklar seg både med omsyn til ulike produksjonar og areal. Under finn du og ei samling med utvalde artiklar om jord- og skogbruk i Vestland. Tala og artikkelsamlinga vert oppdatert gjennom året.

Til høgre på sida finn du statistikkbanken vår, i tillegg til lenkjer til tala vi har nytta.

Er du interessert i andre tal eller produksjonar enn det du finn her, ta kontakt med oss.


31.08.2020

Statistikkbanken for landbruk er utvida med skogbruksdata

Fylkesmannen i Vestland har utarbeida ein statistikkbank for landbruket i Vestland. No er statistikk for skogbruk kome på plass.

16.06.2020

Fylkesmannen lanserer statistikkbank for landbruket

Fylkesmannen i Vestland har samla statistikk om landbruket i Vestland frå opne kjelder og laga vår eigen statistikkbank for landbruket i fylket. Målet er å gjere fakta om landbruket i fylket meir tilgjengeleg både for dei som arbeider med landbruk og dei som er interessert i landbruksutviklinga i Vestland.

21.01.2020

Kjøtproduksjon i Vestland

Kjøt frå storfe er den dominerande kjøtproduksjonen i Vestland.

13.01.2020

Mjølkeproduksjon frå ku i Vestland

Vestland er eit fylke med mange små og store mjølkebruk, og det fjerde største mjølkefylket for kumjølk.

31.01.2020

Jordbruksarealet i Vestland

Fulldyrka areal i Vestland går ned, medan areal til mellom anna beiting går opp.


Visste du at.... ?

.. det er i Eidfjord kyrne mjølkar mest?
Ei ku frå Eidfjord leverte i 2018 
i snitt 8230 liter mjølk.
Gjennomsnittleg mjølka ei i ku i Vestland 6829 liter mjølk i 2018.