Nasjonal jordvernpris 2019

Fylkesmannen i Vestland ønskjer å få inn forslag til kandidatar både frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Kandidatane må vere ein kommune eller fylkeskommune.

Føremål og målgruppe

Stortinget vedtok i 2015 ein nasjonal jordvernstrategi, og strategien er oppdatert av regjeringa i samband med statsbudsjettet 2018. Eit av tiltaka i jordvernstrategien var å etablere ein nasjonal jordvernpris. Fylkesmennene skal sende forslag på kandidatar frå eige fylke til Landbruks- og matdepartementet innan 1. april i år.

Departementet skreiv mellom anna følgjande i sitt brev til fylkesmennene ved etableringa av prisen:

«Opprettelsen av en jordvernpris er et tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal bidra til å øke oppmerksomheten om jordvernet, særlig i kommunene og fylkeskommunene, og få fram gode ideer og eksempler på tiltak, planer og strategier for å ta vare på dyrka mark. Prisen skal deles ut annethvert år til en kommune eller fylkeskommune og skal bestå av et diplom og en passende oppmerksomhet. Juryen vil bli ledet av landbruks- og matministeren.

Målgruppen for prisen er fylkeskommuner og kommuner som tar aktive grep i regionale planer og i kommune- og reguleringsplaner. Det kan også være kommuner og fylkeskommuner som får gode resultat i samarbeid eller partnerskap med andre aktører gjennom planlegging, gjennomføring og praksis. Aktørene kan være ulike parter innen offentlig politikk og forvaltning, næringslivet eller andre organisasjoner.»

Korleis føreslå kandidat?

Fylkesmannen i Vestland ønskjer å få inn forslag til kandidatar både frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Kandidatar må vere ein kommune eller fylkeskommune (eventuelt i samarbeid / partnarskap med andre aktørar) som fortener jordvernprisen i år.

Forslag må sendast oss innan onsdag 15. mars.

Fylkesmannen vil vurdere innkomne forslag og fremje ein kandidat frå våre to fylke til den nasjonale jordvernprisen 2019. Dette vil bli vektlagd:

  • Konkrete, oppnådde resultat
  • Gode, planlagde tiltak
  • Konkrete informasjonsprosjekt
  • Nyskapande prosjekt og verktøy for jordvern
  • Integrering av jordvernomsyn i ulike prosessar
  • Andre forhold som tilseier at jordvern blir prioritert høgt

Sjå elles statuttane som du finn i høgre marg.

Send forslag på e-post til fmhopost@fylkesmannen.no 

Eventuelt per post til:

Fylkesmannen i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger