Spreieareal for husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel
Spreiing av husdyrgjødsel (Foto: Norsk Landbruksrådgiving)

Her finn du diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel.

Det er berre lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i høve til dyretalet. På fulldyrka jord og overflatedyrka jord har ein lov å spreie husdyrgjødsel utan godkjenning. Dersom ein vil spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenne arealet på førehand.

Føretak med høg produksjon i høve til arealgrunnlaget vil ofte ha for lite spreieareal dersom ein ikkje gjer tiltak. Dette gjeld til dømes mjølkeproduksjon med mykje innkjøpt fôr, grisehald og fjørfehald.

All enga er ikkje nødvendigvis spreieareal

Dersom leigejorda ligg så langt unna at ein normalt ikkje spreier husdyrgjødsel på staden, så er dette arealet ikkje del av spreiearealet til føretaket. Berre areal som i praksis blir brukt til spreiing av husdyrgjødsel og som er i produksjon kan bli godkjent som spreieareal.

Spreiearealet for eit føretak blir dermed den delen av fulldyrka og overflatedyrka jord der ein brukar husdyrgjødsel, samt dei beita som er godkjent som spreieareal og som blir gjødsla med husdyrgjødsel. Spreieareal kan dermed ikkje bli rekna ut automatisk frå arealet ein disponerer.

Spreieareal på innmarksbeite

For å kunne spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må ein søkje kommunen om godkjenning som spreieareal for husdyrgjødsel. Beite eller dei delane av eit beite som ein ikkje bør bruke husdyrgjødsel på blir ikkje godkjent som spreieareal. Dette kan til dømes vere nær elv/vatn, under kraftliner, der det er mykje stein, der ein ikkje kjem til med spreieutstyr eller der det er for stor køyreavstand til at det blir spreidd i praksis. Under dokument finn du søknadsskjema for godkjenning av spreieareal.

Av brutto beiteareal som blir godkjent for spreiing av husdyrgjødsel blir to tredelar rekna som netto spreieareal. Dette betyr at til dømes 10 dekar godkjent innmarksbeite kan gi eit netto spreieareal på 6,7 daa. Årsaka til at innmarksbeite får redusert faktor for spreieareal er at lågare produksjon og mindre næringsbehov enn på fulldyrka jord.

Spreiearealet skal tilpassast dyretalet

Føretaket skal ha 4 dekar tilgjengeleg netto spreieareal per gjødseldyreining (GDE). Ei mjølkeku tilsvarer 1 GDE. Utrekning av GDE for andre dyr kjem fram i skjema for å berekne krav til spreieareal under dokument. Det er til dømes 1,5 ammekyr eller 7 sauer for å svare til 1 GDE. I tillegg blir kravet til spreieareal korrigert etter kor lenge dyra beiter i utmarka eller utanfor godkjent spreieareal.

Dersom ein ikkje har nok spreieareal, kan ein leige ledig spreieareal eller levere gjødsel til andre som har overskot av spreieareal. Mottakaren må då inkludere gjødsla i sin gjødslingsplan. Ein kan òg inngå avtale om organisert levering til mottak. All levering av gjødsel må dokumenterast.

Gamal godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

Gamle vedtak om godkjenning av spreieareal for husdyrgjødsel er framleis gjeldande, sjølv om dei kan vere gjort på 90-talet. Areal som tidlegare blei godkjent er likevel ikkje spreieareal lenger dersom det ikkje er jordbruksareal i dag, til dømes når delar av beitet er klassifisert som skog, anna fastmark eller bebygd areal.

Eit vedtak er gjeldande fram til det eventuelt blir oppheva med eit nytt vedtak frå kommunen, eller dersom vilkår sett i vedtaket ikkje lenger er oppfylt. Kommunen kan med heimel i forvaltingslova § 35 oppheve tidlegare vedtak om godkjenning av spreieareal, mellom anna ved ny kunnskap om fare for forureining. Omgjering av eit godkjenningsvedtak må vere grunngitt og i form av enkeltvedtak med klagerett.

Vedtak om godkjenning av spreieareal er òg gyldig sjølv om det ikkje er kommunen som gjorde vedtaket. Fylkeslandbrukskontoret og seinare fylkesmannen hadde ansvaret for godkjenning av innmarksbeite som spreieareal fram til april 2001. Etter den tid blei ansvaret for godkjenning flytta frå fylkesmannen til kommunane.

Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite der det ikkje ligg føre godkjenningsvedtak om spreieareal.

Forbod mot husdyrgjødsel i utmark

Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel i utmark, sjølv om arealet har vore innmark tidlegare. Dersom ein har behov for å kultivere opp utmark til grasbeite ved hjelp av husdyrgjødsling, kan ein søkje kommunen om dispensasjon frå dette. Ein må då lage skriftleg oversikt både over behov for beite, korleis ein skal kultivere beitet og når det skal vere ferdig innmarksbeite. Det er særs viktig å vente med eventuelle tiltak til ein har fått skriftleg svar frå kommunen, då det er strengt forbode å spreie husdyrgjødsel i utmark. Under dokumenter finn du søknadsskjema om dispensasjon.

Unngå gjødsling på artsrike areal

Artsrike areal er gjerne artsrike nettopp fordi dei aldri har blitt særleg gjødsla. Ofte vil det vera mogleg å få tilskot for å la vera å gjødsle slike areal og for å ha ei drift som tek vare på verdiane vidare, til dømes gjennom Regionalt miljøprogram.
Dersom ein likevel ønskjer å gjødsle ei artsrik slåttemark, er det krav om å gi melding til kommunen. Sidan dette er ein utvalt naturtype må ein få svar frå kommunen før ein eventuelt kan gjødsle. Gjødsling vil øydelegge den artsrike slåttemarka.

Artsrike beite er ikkje ein utvalt naturtype, men kan likevel ha artar av planter og sopp som er utrydningstruga. Areala er oftast registrert i naturbase og toler ikkje gjødsling. Som grunneigar og gardbrukar må ein kjenne til kva som er registrert for eigne areal og leigeareal.

Konsekvensar dersom du bryt regelverket

Dersom drifta ikkje er i samsvar med regelverket, kan dette gi fare for forureining og skade på miljøet. Heile eller delar av produksjonstilskotet kan bli avkorta ved brot på regelverk som gjeld gjødsling og forureining frå landbruksdrifta. I ekstra alvorlege saker vil kommunen vurdere melding til politiet, som kan gi straff i tillegg til eventuelt tvangsgebyr og avkorting i tilskot.

Regelverk

Forskrift om gjødselvare mv. av organisk opphav