Småskala grønsaksdyrking i vekst

I fjor fekk over hundre bergensarar grønsakene sine frå Ulvik eller Eikelandsosen kvar fjortande dag i sesongen. Marknadshagetrenden har strekt seg over heile landet, og er ikkje lenger berre eit dyrkingsfenomen i bystrøk. No kan fleire eigarar av gardsbruk eller gartnarar får delta på kurs i etablering og drift av ein marknadshage. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.04.2020

Marknadshage er småskala grønsaksproduksjon som vert omsett lokalt. Bondens marknad og NLR Økologisk/Vest håpar at fleire kan få kjøpt grønsakene sine meir lokalt, og forsyne fleire forbrukarar i Norges nest største by med grønsaker. 

Bergen kommune er i gang. Her er målet å doble arealet brukt til grønsaker frå 4 til 8 dekar i løpet av eitt år. For Vestland er målet 10 nye marknadshagar i fylket innan 2021. 

Deltakarar frå heile Vestland fylke

30 ivrige deltakarar starta i haust på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marknad og NLR Økologisk og NLR Vest. Det var tre to-dagarssamlingar med rådgjevar Hans Gaffke frå NLR, med erfaringsdeling frå lokale småskala grønsaksprodusentar kvar gong. Deltakarane fekk i tillegg tilbod om å fylje eit webinar (7 stk) med Kari Bysveen, om økologisk grønsaksprouksjon. Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift. 

Marknadshage som driftsform

Prinsippa for drift av ein marknadshage, handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på 1-5 dekar, med faste bed i eit vekstskifte. Driftsforma er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsaksproduksjon. Vestlandet har eit mildt klima og mange småareal som er eigna for grønsaksproduksjon. Marknadshageprinsippa er tilpassa eit vestlandsjordbruk der ein har nærleik til marknad og faste kundar, som i andelslandbruk eller abonnementsordningar for grønaskassar i sesong.

Støtte etter kurset

Sjølv om kurssamlingane i 2020 no er over, er det framleis oppfølgingsaktivitetar på gang. 15 deltakarar klare til å bli ein del av fadderordninga til Fylkesmannen i Vestland. Marknadshagekurset vert følgd opp med ein fagdag om grøfting/jordstruktur (24. sept) og ein studietur i 2021. I sommar er det planlagt markvandringar med kurshaldar Hans Gaffke frå NLR. Då vil dei besøke Sogn Jord- og hagebruksskule sin marknadshage (30. aug), Undeland gard i Ulvik og garden til Erik Halvorsen i Hålandsdalen (29. juni). Dei to siste er dei mest erfarne småskala grønsaksdyrkarane i Hordaland, som no blir fadder for fleire av dei nye dyrkarane. Nokre av deltakarane vil også ta med seg produksjonsplanane sine frå kurset og søke Innovasjon Norge om støtte til småskala grønsaksproduksjon, som er ei eiga ordning frå 2020.

Vidareføring i 2021

Bondens marknad fekk i juni 2020 støtte frå Vesland Fylkeskommune, til å arrangere det same kurset i ein ny og revidert utgåve. Denne gongen blir det to samlingar med marknadshagefokus, samt kortkurs i grønsaksdyrking og ei samling med fokus på å vera ein etablerarverksemd innan grønsaksdyrking for lokalmatsal.

Fylkesmannen i Vestland vil også gå i dialog med Fylkeskommunen og vaksenagronomstudiet som naturbruksskulane har ansvaret for, for å sjå om småskala grønsaksproduksjon kan bli ein del av studieprofilen deira. I tillegg har Fylkesmannen i Vestland, Bergen kommune, Trøndelag og Oslo/Viken blitt med i eit prosjekt som heiter Stadsbruk Europe. Det Malmø-baserte prosjektet vil ause av sine erfaringar med å drive eit nettverks-og inkubatorprogram for nye grønsaksdyrkarar - med og utan gard. Dette prosjektet vil alle kursdeltakarane frå 2020 og 2021 dra nytte av. 

Bondens marknad har no utlysinga klar for det neste kurset med program og tilleggsaktivitetar. Nokre programpunkt er datofesta og andre er under planlegging, så det kan løne seg å sjå i gjennom vedlegget med programmet og aktivitetar, og merke av datoar i kalenderen. 

Alle aktivitetar med dato:

2020:
30. aug. Aurland, Mariannes kafe. Nettverkskveld – Marknadshage i lokalmatmarknaden
31. aug. Aurland, SJH. Markvandring SJH – og kompostdag
Lenke til program og påmelding for begge dagane

24. sept. Stend, Bergen. Jord og grøftedag for grøntprodusentar. Program og påmelding.
29. sept. WEBINAR – Markedsarbeid, prissetting og kommunikasjon. Kveld.

28. okt. Bergen/Voss. Inspirasjonssamling for marknadshagar i Vestland. Kveld.

1. nov. Søknadsfrist til Marknadshagekurset 2021 – Bondens marknad. Søknad og påmelding.  
17. nov. Voss/Bergen. Kræsjkurs i grønsaksdyrking på Vestlandet. Dagtid.*

2021:
Markedshagekurset 2021:
19.-20. januar – stadfesta dato, Hordaland *
16.-17. februar – stadfesta dato, Sogn og Fjordane *

9.-10.mars. Entreprenørskapsdagar for småskala grønsaksdyrkarar*

7.-11. april. Studietur nord-Tyskland – besøke marknadshagar i drift. Bjørnafjorden landbrukskontor er arr.

Sjå noko meir detaljert program for alle datoane i denne lenken. Datoar med *betyr at det er obligatorisk for dei som har fått plass på marknadshagekurset 2021. Elles er kursa opne for alle, men dei som har teke marknadshagekurset 2020 eller har fått støtte frå Innovasjon Norge har fortrinnsrett på alle aktivitetane. Du kan ikkje delta på marknadshagekurset to gonger.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.