Erstatning etter avlingssvikt

Gardsbruk med store avlingstap grunna klima eller mangel på arbeidskraft kan søkje om erstatning innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg. Vi tilrår å søkje elektronisk via Altinn.

Søknaden blir motteke av kommunen, som gir uttale til søknaden og sender saka vidare til fylkesmannen. Vedtak om erstatning blir fatta av fylkesmannen og utbetaling skjer fortløpande. I 2020 har vi registrert særleg svikt i plommeavlingane i Vestland grunna kulde i bløminga som gav dårleg fruktsetting.

Krav om å ha gitt melding til kommunen

Avlingssvikten bør ha vore meld til kommunen så snart ein fekk mistanke om svikt. Kommunen skal ha høve til å kontrollere skadeårsaka. Søkjar må sjølv dokumentere årsaka til skade.

Meir enn 30 % tap for å få erstatning

I erstatningsordninga er det ein eigenrisiko på 30% av snittavlinga for føretaket. Dette inneber at føretak som har over 70% av normal avling ikkje får erstatning.

Ein må vurdere alle årsakene til skade

Det blir berre gitt erstatning til klimabetinga avlingssvikt, eller avlingssvikt grunna mangel på arbeidskraft som kan relaterast til covid-19. Sistnemnde årsak gjeld berre for frukt, bær, grønsaker og potet. Skade etter sjukdommar, skadedyr og ugras gir ikkje rett til erstatning. Når avlingssvikten skuldast ein kombinasjon av skader som gjev rett til erstatning og skader som ikkje gjev rett til erstatning, skal klimaprosenten justerast ned.

Det er krav om at avlinga blir hausta. Unntaksvis kan ein gje erstatning for uhausta areal, til dømes ved ekstraordinært vanskelege hausteforhold eller når haustekostnaden overstig verdien av avlinga. Kommunen må etter kontroll på bruket godkjenne manglande hausting og vurdere kva avling som står uhausta.

Forventa avling i frukt, bær og anna planteproduksjon

Forventa avling i skadeåret vert berekna ut frå snittavling per dekar basert på avlingstala for dei beste 5 åra i dei 6 siste åra. Ved oppbygging, nedbygging, eller omlegging av drifta som medfører store endringar i areal i bæring i snittåra eller i skadeåret, vil Fylkesmannen fastsetje forventa avling i skadeåret skjønsmessig. Her er det viktig at søkjar fyller ut korrekte tal for areal ute av bæring og dokumenterer dette (sjå også vedlagte hjelpeskjema).

For å berekne erstatning trekkjer ein først frå ein eigenandel på 30% frå forventa avling, deretter trekker ein frå avlinga i skadeåret. Dersom det vert berekna avlingssvikt skal det også trekkast for reduserte haustekostnader.

Det blir rekna ut forventa avling i kvar av dei 6 vekstgruppene grovfôr, frukt, bær, potet, grønsaker og korn. Det er samla tap innafor ei vekstgruppe som må overstige eigenandelen på 30%. Til dømes kan ei god avling i eple vege opp for ei dårleg plommeavling, og ved eit slikt tilfelle vil ikkje det totale avlingstapet i vekstgruppa frukt bli stort nok til at ein får erstatning, trass stor svikt i plommeavlinga.

Normavling av grovfôr på husdyrbruk

Avlinga blir berekna ut frå normtal for kommunen. Normavling for alle kommunane i Vestland er sett til å vere 540 FEm/daa på fulldyrka eng og 430 Fem/daa på overflatedyrka eng og andre grovfòrvekstar.

Ofte vil det vere andre årsaker enn klima til at ein ikkje har nådd full «normavling» på eit føretak. Søkjar og kommunen må gjere ein systematisk gjennomgang av driftstekniske og naturgitte faktorar som påverkar avlingsmengda, til dømes driftsintensitet, jordkvalitet og høgd over havet samanlikna med snittet for kommunen. Ut i frå dette skal både søkjar og kommune fastsette kor stor del av avlingssvikten som skuldast klima i prosent.

Normavlinga for økologisk drift er 25 % mindre enn den aktuelle normavlinga. Kravet er at meir enn halvparten av arealet blir økologisk dyrka i skadeåret. Areal under omlegging blir ikkje rekna som økologisk.

Utrekning av grovfôravling i skadeåret

Årets avling omfattar oppmålt fôrlager når dyra vert sett inn om hausten pluss grovfôropptak frå nullbeiting (fôring med friskt gras), fôring av årets hausta avling og beiting på dyrka jord. Oppmålinga skal skje ilag med kommunen etter at innhaustinga er avslutta og på det tidspunktet når hovudtynga av dyra vert sett inn eller vert fôra inne. Det vert rekna svinn av oppmålt fôrlager.

Dokumentasjon

Opplysningar må bli dokumentert med vedlegg. Opplysningar som vert stadfesta av rekneskapskontoret treng ikkje dokumenterast med kopi av rekneskapsbilag. Dei som fører eige rekneskap må få stadfesting av revisor eller av kommunen etter kontroll mot hovudboka i rekneskapen. Sjå hjelpefil for frukt og bær (excel-dokument).

Ikkje full erstatning av reelt tap

Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske tilhøve som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Det blir difor brukt standard satsar som ikkje er meint å vere like dei faktiske prisane. Det er ikkje mogleg å få høgare sats per kg frukt eller bær sjølv om ein har direktesal med høgare pris. Berekna erstatning under kr 5.000 og over kr 2 000 000 blir ikkje utbetalt. Det er eigne satsar for kvar vekst, sjå "satsforskrifta".

Regelverk

Fleire avklaringar om regelverket kan ein finne i:

  • «Erstatningsforskrifta»: Forskrift om erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon. FOR-2012-01-17-56.
  • «Sats- og berekningsforskrifta»:
    Forskrift om satsar for og berekning av erstatning ved klimabetinga skader i plante- og honningproduksjonen (endra 01.08.2019).
  • Rundskriv 2019-30 frå Landbruksdirektoratet: «Erstatning ved klimabetinga avlingssvikt" av 07.10.2019.

Regelverket finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet.