Endring i reglane om nydyrking

Myr
Myr (Foto: Johannes Anonby, Fylkesmannen i Vestland)

Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om nydyrking. Det er innført forbod mot dyrking av myr frå 02.06.2020, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfylte.

Forbodet er innført for å redusere utslepp av klimagassar og hovudregelen er at dyrking av myr ikkje er tillate. Samtidig kan det gjevast dispensasjon på bestemte vilkår:

  1. kommunen kan gje løyve til dyrking av myr når grunneigar mister produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdsletiltak eller liknande
  2. kommunen kan også gje løyve til dyrking av myr der einaste dyrkingsressursen for grunneigaren er myr
  3. eller for å ivareta særskilde produksjonar i myr på fjellgrunn.

I regelverket er det gjort eit skilje mellom grunn og djup myr (meir enn 1 meter). Dispensasjon for å dyrke djup myr krev at djup myr er einaste tilgjengelege dyrkingsarealet på eigedommen, unntaket er for produksjonar i myr på fjellgrunn. For å kunne fastslå myrdjupna på eit omsøkt område har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) utvikla ei kartløysing i Kilden der myrdjupne går fram av kartet.

Ved dispensasjon frå punkt 2 skal kommunen legge vekt på storleiken av myrarealet som vert oppdyrka, omsyn til rasjonell arrondering, grunneigaren sin tilgang på andre dyrkingsareal og om det er råd å nytte klimagassreduserande dyrkingsmetode (omgraving av myr).

Ved dispensasjonssøknad skal behovet for nydyrking vegast opp mot omsynet til natur- og kulturlandskapsverdiane, og til klima. Søkjar må dokumentere at tiltaket har vesentleg betydning for å halde oppe drifta.

Ved nydyrking av areal over 50 dekar skal det vurderast om tiltaket skal konsekvensutgreiast før det vert gjort vedtak. Det same gjeld no for nydyrking av tiltak under 50 dekar dersom det ikkje kan utelukkast at tiltaket kan få vesentleg verknad for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn.

Regionale kulturmyndigheit skal kunne uttale seg. Fylkesmannen skal kunne uttale seg der nydyrking kan ha innverknad på vesentlege natur- og kulturlandskapsverdiar.

Som eit alternativ til nydyrking av myr kan ein òg nemne at det ofte kan vere stort potensiale for å få høgare avlingar på eksisterande areal.

Landbruks- og matdepartementet: Endringar i reglane om nydyrking