Bønder får gode råd

Når bønder står ovanfor dei store vala, treng dei nokon å rådføre seg med.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.07.2020

Vestland har gode rådgjevarar for bonden. Råd om den daglege produksjonen skjer i nær kontakt med varemottakarane som er frukt- og bærmottaka, Tine, Nortura og Nordfjord kjøtt. Men på nokre område er det eigne rådgjevingsprosjekt som kan gje hjelpe til dei som vurderer å bygge nytt fjøs eller starte opp ein ny produksjon.

Storfeprosjektet

Personar frå prosjektet kan stille på fagmøte eller gardsbesøk med gratis førsteråd til mjølkebruk i Vestland som vil investere i gardsdrifta. Målgruppa er bønder som har mjølk, og som vurderer nybygg eller ombygging til mjølk eller ammeku. Prosjektet tilbyr ein gjennomgang av drifta og økonomien før og etter ei investering, og gjer vurderingar av ulike alternativ. Dette skal gje bonden eit fagleg grunnlag for eigne val. Ordinær planlegging, som skal følgje ein søknad til Innovasjon Norge, (fullstendig driftsplan, teikningar, kalkylar), ligg utanfor det prosjektet tilbyr som gratisteneste. Prosjektet er eit samarbeid mellom organisasjonane i landbruket der prosjektmedarbeidarane er tilsett hos TINE.

Kontaktperson: Jo Helge Sunde, telefon 971 69 845, e-post: jo.helge.sunde@tine.no

Kjøtproduksjon på sau og ammeku

Prosjektet «Utmarksbasert kjøtproduksjon» stiller på fagmøte eller gardsbesøk med gratis førsteråd til småfe- og storfebønder i Vestland som vil investere i gardsdrifta. Målet er å legge til rette for føretak med eit moderne produksjonsapparat og driftsopplegg tilpassa ressursgrunnlaget på garden. Aktuelle tema er nybygg og ombygging av fjøs, innandørsmekanisering, grovfôrhandtering, vegval, økonomisk rådgjeving og beitebruk. Ordinær planlegging, som skal følgje ein søknad til Innovasjon Norge (driftsplan, teikningar, kalkylar), ligg utanfor det prosjektet tilbyr som gratisteneste. Prosjektet vert gjennomført av Norsk Landbruksrådgiving Vest og er open for alle.

Kontaktinformasjon: Arve Arstein, telefon 994 70 161, e-post: arve.arstein@lr.no

Frukt og bær

Tilgang til marknaden er avgjerande for dei som vil satse på frukt og bær. Gartnerhallen og Nordgrønt er dei største produsentforeiningane. Desse har leveringsavtaler med høvevis BAMA og COOP, som er leverandørar til alle dei store matvarekjedene i Noreg, samt HORECA-marknaden. Frukt- og bærmottaka er viktige bindeledd mellom produsentforeiningane og grossistledda, og ein naturleg stad å ta kontakt for dei som vil plante nytt. Her får ein råd om sortar, krav til kvalitet og informasjon om leveringsavtalar.

Kontaktinformasjon til frukt- og bærmottaka ved daglege leiarar:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.