Inn på tunet

Inn på Tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tilbodet skal gje meistring, utvikling og trivsel.

Fylkesmannen har ansvar for å følgja opp den nasjonale satsinga på Inn på tunet. Det er Fylkesmannen si landbruksavdeling som koordinerer arbeidet med Inn på tunet i Vestland. Her kan kommunar og andre få informasjon om Inn på tunet og råd og rettleiing ved etablering og drift.

 
Hovudoppgåvene er
  • å gjera Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor
  • å auka kompetansen på kjøpar- og tilbydarsida gjennom utviklingsarbeid, informasjonsarbeid, kurs og andre aktivitetar 

Arbeidet vert styrt av Handlingsplan for Inn på tunet 2019-2022

 

Styringsgruppe for handlingsplanen er sett saman av assisterande fylkesmann, fylkeslege, utdanningsdirektør og landbruksdirektør. 

 

I perioden 2020-2022 har Vestland fått eit pilotprosjekt i Inn på tunet-løftet 2, innanfor området Psykiatri, rus og arbeid. Kommunane Bømlo og Stad er pilotkommunar. 

 

 


05.11.2020

Inn på tunet-løft i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har fått tildelt eitt av fire utvalde pilotprosjekt i satsinga Inn på tunet-løftet 2. Prosjekta skal bidra til å gjere landbruket endå meir synleg, kompetent og attraktivt som samarbeidspartnar for kommunane.


Kontaktpersonar