Veterinærtenester

Kommunane har etter lov om veterinærar og anna dyrehelsepersonell ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell og organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

Kommunane er inndelt i ulike veterinærvaktområde som dei ulike veterinærane normalt arbeider innanfor. Korleis desse vaktdistrikta er organisert ser du i kartet. Merk at distriktet Gloppen også handterer Utvik i Stryn kommune og at Bremanger er delt mellom vaktdistriktet Flora og Ytre Nordfjord.

Vaktdistrikta får tildelt eit vakt- og administrasjonstilskot som skal støtte oppunder vaktordninga for veterinærberedskap utanom ordinær arbeidstid. Dette vert betalt ut frå Landbruksdirektoratet direkte til ein administrasjonskommune i vaktdistriktet.

Fylkesmannen handterer stimuleringstilskot for kommunal veterinær som er eit tilskotsordning som skal stimulere til veterinærdekning i næringssvake område. Midlane vert lyst ut ein gong i året i eige brev til kommunane.

Fylkesmannen handterer også søknader om tilskot til veterinære reiser. Veterinærane kan søkje om tilskot til reiser i samband med veterinærtenester på husdyr. Dette skal jamne ut forskjellar i veterinærkostnader mellom husdyrprodusentane.

Du kan lese meir om desse ordningane hos Landbruksdirektoratet.