Tilskot til tiltak grunna skrantesjuke

Det er no lyst ut midlar til beitelag som vert råka av restriksjonar knytt til  skrantesjuke.

Landbruks- og matdepartementet innførte 14. juni 2019 strengare reglar for å hindre smitte av skrantesjuke (CWD) i Nordfjella. Beite- og sankelag i Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud med beitedyr på utmarksbeite i Nordfjella kan søke om midlar.

Fristen for å søke er 1.juli 2019.

Søknadane skal sendast til Fylkesmannen i Oslo og Viken. Sjå dokument på høgre side

 

Sjå informasjon frå Mattilsynet her