Tilskot til beitenæringa i Nordfjella

Beitelaga i Nordfjella kan søkje om ekstra tilskot til tiltak mot skrantesykje.

 

Beitelaga  i Nordfjella, som har ekstra kostnadar knytt til tiltak i mot skrantesjuke på rein, kan søkje ekstra tilskot til dette. Av totalramma for tilskot til tiltak i beiteområde er det sett av 5 millionar til tiltak i Nordfjella. 

Midlane vert forvalta av Fylkesmannen i Oslo og Viken, i tett samarbeid med Fylkesmannen i Vestland.

Les meir om ordninga her: Fylkesmannen i Oslo og Viken - CWD - Nordfjella.