Svar på høyring om endring av CWD-forskrifta

Dei føreslåtte restriksjonane er viktige i bekjemping av CWD, men får konsekvensar for beitenæringa. Bøndene må få kompensert for ekstra arbeid og ulemper.

Chronic Wasting Disease (CWD) er ein alvorleg sjukdom. Viss CWD skulle spreie seg vil det bety ein risiko for matproduksjonen i utmarka. I forskrifta som er på høyring vert det mellom anna føreslått eit totalforbod mot å nytte faste salteplassar i Nordfjella området. Om bøndene ikkje kan nytte salteplassar, vil dyra truleg vandre mykje og det vert ekstra arbeid med tilsyn og sanking.

Vi meiner det er viktig at beitenæringa er med og bidreg til å hindre smittespreiinga, men vi ber om at ein ser meir på risikoen i dei ulike sonene ved innføring av restriksjonar. Like krav i alle sonene kan, etter vårt syn, vere for strengt. Det er også viktig at bøndene får kompensert det ekstra arbeidet og ulempene restriksjonane medfører. Om endringa av CWD-forskrifta trer i kraft, vil det vere behov for ekstra midlar.

Fylkesmannen i Vestland sitt svar på høyringa