Sauen og livet

«Sauen og livet» i samtale og litteraturformidling Frå venstre: Ragna Flotve, Hilde Myklebust, Lars Amund Vaage og Ingunn Teigland.
«Sauen og livet» i samtale og litteraturformidling Frå venstre: Ragna Flotve, Hilde Myklebust, Lars Amund Vaage og Ingunn Teigland. (Foto: Frøydis Lindén, Fylkesmannen i Vestland)

Sauen gjev mat og varme, skapar kulturlandskap og bidreg til biologisk mangfald. Dette var tema for bokbadet «Sauen og livet» i Bergen 15. oktober.

Kva er det med sauen? Kva rolle spelar dette vesle dyret for vestlandslandskapet, berekraft og kultur i fortid og i notid? Med desse spørsmåla innleia Ragna Flotve eit noko uvanleg bokbad i på hovudbiblioteket i Bergen. Ein forfattar, ein sauebonde og ein forfattar med sauebruk var gjester. Publikum var eit stort og variert utval av byfolk og bygdefolk frå regionen.

Forfattar Lars Amund Vaage og forfattar og sauebonde Hilde Myklebust har begge eit blikk for sauen i litteraturen sin. Saman med sauebonde og litteraturinteressert norsklærar, Ingunn Teigland, og bokbadar Ragna Flotve samtala dei omkring sauen si rolle i tradisjon, litteratur, mat og kle, om bygda sin funksjon og om bondelivet.

Sauen og FN sitt berekraftmål nr. 15

Gjennom 5000 år har sauen vore ein hjørnestein i bygde-Noreg, skriv biolog Anna Blix i boka «En hyllest til sauen». Sauen si beiting i utmark påverkar sterkt plantesamfunnet og et vekstar som menneske ikkje kan eta. Slik medverkar sauen til at landskapet ikkje gror att. Kulturlandskapet er tilhaldsstad for ein tredjedel av dei trua artane i landet, seier Blix, som vektlegg behovet for kunnskapsbasert og god forvaltning av utmarka som beiteområde i framtida (Blix 2018)

Mat og varme

Sauekjøt og ull var livsviktig for menneska som budde i karrige landskap langs vestlandskysten. Vadmålsklede gav varme til fiskarbonden, og ein nytta det ein kunne av kjøt og ull. Behova endra seg med velstandsauke, men sauekjøt er framleis ein viktig del av kulturen vår. Me har fårikål som nasjonalrett, lammelår til påske, og mange av oss et pinnekjøt på julekvelden. Hilde las utdrag frå boka si, Glødepunkt. Her har ho ei skildring av slakting, og panelet samtala omkring samfunnsendringar og synet på husdyr i dag. Korleis reagerer det urbane mennesket på det som i tidlegare tider var ein naturleg del av kvardagen, og korleis kan ein bonde vera glad i dyra sine og likevel senda dei til slakt?

Viss du ikkje gjer det bra på skulen vert du gåande her

I boka «Sauebondens liv» (2016) tek forfattaren James Rebanks lesaren med inn i sauebonden sin kvardag. Kjærleik til dyr og landskap er gjennomgåande i boka. Forfattaren fortel om skuletida si, der elevane vert trua med å ikkje bli til noko om dei ikkje reiser ut frå bygda. Rebanks har berre eitt ynskje: å bli sauebonde. Bokbad-gjestene delte tankar omkring respekt for bondeyrket i dag og det å bu på bygda. Korleis skapar me eit nærmiljø med innsikt og nærleik og korleis ta vare på tradisjonane i ei tid med store endringar?

Sauen i litteraturen

Sauen har hatt ei rolle i svært mykje litteratur, inspirerer på sin særeigne, smålåtne måte. Lars Amund las utdrag frå Bibelen, der sauen er svært sentral og synte, gjennom Vinje sitt dikt, Blåmann og utdrag frå ein tale Vinje har halde, eksempel på korleis husdyr og menneske knyter seg til kvarandre. Sauen Forfattarane krydra stunda med gode dikt og romanutdrag om tradisjon, arbeidsliv og bonden sitt liv i møtet med dyr, landskap, slektsband og tradisjonar.

Arrangementet er ein del av ein møteserie om matglede og berekraft, arrangert av Matbyen Bergen, Fylkesmannen i Vestland, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Bergen er ein av 26 gastronomibyer i UNESCO Creative Cities Network.