Beitesesongen 2018 i Hordaland

Prosent tap av sau og lam på utmarksbeite i Hordaland er likt som i fjor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2019

Det er ikkje høge tapstal for Hordaland samanlikna med tala for Noreg totalt. Av totalt knappe 1,5 millionar sau og lam i Noreg som var på fjellbeite gjennom organisert beitebruk var tapet på 77 700 dyr, eller 5,18 prosent. Nordland er det fylket som har høgast tapsprosent av sau og lam på 7,0 prosent. Hordaland ligg på kring halvparten av dette totalt.

For Hordaland var tapet av lam 3 343 dyr, eller 4,13 prosent mens det for vaksne sauer var det 1 193 dyr eller 2,31 prosent tapt på utmarksbeite. Tap av storfe er lite både nasjonalt og her i fylket. Av 5 657 storfe som vart slept på utmarksbeite i Hordaland er det tapt 42 dyr (0,74 prosent), mens tapet nasjonalt er på 0,61 prosent.

Beitesesongen 2018 var prega av tørke også i fjellet. Det var rekordtidleg beiteslepp mange plassar i fylket, samstundes som beita i låglandet allereie var byrja å bli dårlege pga. manglande nedbør. Utover sesongen har mange dyr byrja å vandre meir enn vanleg. Skrinne vekstar gjorde at dyra var på leit etter betre beiter, og tørre bekkar og små elvar gjorde at dei kom langt. Det vart meldt om utfordrande sanketilhøve manga plassar på grunn av dette, men òg sidan nedbøren kom i full tyngde i september, både i form av regn og snø. Ein del av laga melder om ein god sesong med gode slaktevekter.

Fleire lag har hatt utfordringar mellom beitedyr og fotturistar, og ikkje minst laushundar. 3 dyr er påvist drepne av hund. På den andre sida er mange beitelag nøgde med fotturistar som er flinke til å melde frå om ting dei ser i fjellet. Det er positivt med skilt som opplyser om beitedyr i området.

Det vert meldt om ein del rev og ørn nokre plassar og enkelte dyr i skårfeste. Elles vert det sjeldan funne kadaver av omkomne dyr. Det er eit par meldingar om at det er observert jerv, gaupe og ulv. Nokre har opplevd meir flogemakk grunna varmen, andre mindre grunna tørken. Det vart søkt om erstatning for 65 sau og lam tapt til rovvilt og det er innvilga erstatning for 29 lam. Alle desse gjeld kongeørn på Fitjar, i Austevoll, i Sund og i Kvam.

Elles er det gode tilbakemeldingar om samarbeid i og mellom beitelag.

Kommunevise oversikt over tapstal sau og lam i beitesesong 2018

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.