Leiarkonferansen 2019 - for barnehage og skule -

Dato:
19. mars 2019 - 20. mars 2019
Stad:
Loen, Hotel Alexandra
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland v/ Karstein Fardal og Berit Inger Rygg
Målgruppe:
Leiarar i skule og barnehage, rådmenn, skule- og barnehageansvarlege/oppvekstansvarlege i kommunar og fylkeskommunen

Læringsmiljø er det overordna temaet for konferansen.

 

Publisert 07.02.2019

Fylkesmannen i Vestland har gleda av å invitere barnehage- og skuleleiarar i Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane) til leiarkonferansen 2019. Første dag av konferansen vil vere felles for leiarane i barnehage og skule, medan vi deler oss i barnehage- og skulespor dagen etter.

Skulesporet

I skulesporet vil vi fokusere på fagfornyinga. Arbeidet har kome langt, og vi nærmar oss implementeringsfasen med raske steg. Målet med dagen er at leiarane i skulen skal vere førebudde på det vidare arbeidet med fagfornyinga.

Barnehagesporet

I barnehagesporet vil vi få eit innblikk i rapporten om barnehagelærarrolla, som vert eit viktig dokument i tida som kjem. Vi skal òg innom den nye rammeplanen, som framleis er aktuell. Implementeringsarbeidet er i full gang og vi vil få meir nyttig hjelp og nye refleksjonar rundt dette arbeidet.

Påmeldingsfrist: 20. februar 2019

Det er bindande påmelding. Vi gjer merksam på at deltakarane gjer opp for opphald ved hotellet direkte, arrangøren fakturerer deltakaravgift.

Konferansen er eit samarbeid mellom KS, Fylkesmannen, Utdanningsforbundet og Høgskulen på Vestlandet. Du finn meir informasjon om programmet og påmelding i høgremenyen. Lenka viser deg vidare til KS Vest-Norge si nettside.

Dato:
19. mars 2019 - 20. mars 2019
Stad:
Loen, Hotel Alexandra
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland v/ Karstein Fardal og Berit Inger Rygg
Målgruppe:
Leiarar i skule og barnehage, rådmenn, skule- og barnehageansvarlege/oppvekstansvarlege i kommunar og fylkeskommunen