Webinar - autorisasjonsordninga for plantevern- og gnagarmiddel

Dato:
29. oktober 2020 13:00 - 14:00
Stad:
Webinar i Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Påmeldingsfrist:
28.10.2020 14:00:00

Fylkesmannen i Vestland og kommunane har ansvar for eksamensordninga og at det blir gjennomført kurs i autorisasjonsordninga. I Vestland fylke er det NLR Vest og VGS-skulane for naturbruk/landbruk som gjennomfører kurs.

Dette webinaret vil gje tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane informasjon om korleis ordninga blir forvalta av Fylkesmannen og kva oppgåver kommunen skal gjennomføre:

  • Kort informasjon om Forskrifta om plantevernmidler
  • Bestilling av eksamen og rutinar
  • Eksamensvakt
  • Fakturering
  • Autorisasjonsregister plantevern + kven som har rett til autorisasjon
  • Autorisasjonsregister gnagarar + kven som har rett til autorisasjon
  • Midlertidig bevis og godkjenningsbevis frå Mattilsynet
  • Mattilsynet si nettside og nettbasert prøve for fornying av autorisasjonsbevis

Lenka til arrangementet blir sendt til dei påmeldte dagen før.

Påmeldingsfrist er onsdag 28. oktober kl 14.00.

 

Dato:
29. oktober 2020 13:00 - 14:00
Stad:
Webinar i Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Påmeldingsfrist:
28.10.2020 14:00:00