Økonominettverkssamling på Voss 20. og 21. oktober 2020

Haustsamling i økonominettverket blir lagt til Park Hotel Vossevangen. Hovudtema er kommuneplanlegging, i tillegg til andre aktuelle tema som statsbudsjettet 2021 og Kostra.

Vi startar samlinga med lunsj den 20. oktober og avsluttar etter lunsj den 21. oktober. 

Under temaet budsjett og økonomiplan vil vi ta opp dei praktiske verknadene etter ny lov og forskrift, og sjå på samanhengen mellom kommuneplanen sin handlingsdel og budsjett og økonomiplan. På dag to er tema statsbudsjett 2021, Kostra og konsolidert rekneskap, i tillegg til innlegg frå Kommunalbanken om finansforvaltning og presentasjon av verktøy.

Sjå program for samlinga til høgre på sida.

Målgruppe for samlinga er økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar, og revisjonen i Vestland fylke. Vi håpar at nettverket kan vere eit forum for kommunane til å bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar og gode diskusjonar om kommuneøkonomien i Vestland. 

Kommunane betaler oppholdet sjølve, direkte til hotellet.
Pris for deltaking på heile samlinga er 2 050 kroner per person. Om du vil delta berre på dag 1, eller berre på dag 2, kostar dette 495 kroner per person. Deltaking på dag 1, med middag om kvelden, kostar 990 kroner per person.

Dersom du er påmeldt men vert forhindra til å møte, meld frå på e-post til
fmsfmlu@fylkesmannen.no

Frist for påmelding er 1. oktober.

Meld deg på samlinga i skjema nedanfor.

Når det gjeld smittevernomsyn ift. Covid-19 er det sett inn ekstra reinhaldsrutinar på Park Hotel VossevangenDei følgjer sjølvsagt dei oppdaterte nasjonale råda og retningslinene, og vidare dei gjeldande bransjenormene. Vi alle har likevel eit personleg ansvar med å oppretthalde minimum ein meter avstand mellom deltakarane gjennom heile arrangementet, også i pausane og på kveldstid. Det vert oppmoda om ekstra god handhygiene før, under og etter arrangementet, og handsprit vil vera tilgjengeleg som eit supplement. Du kan berre delta dersom du er frisk for sjukdom (feber, forkjøling, luftvegssjukdom og liknande).

Deltek