Statsbudsjettet for 2021

Statsbudsjettet for 2021 er lagt fram i dag. Årets budsjett og budsjettet for neste år er prega av dei omfattande økonomiske tiltaka retta mot koronapandemien. Det vil kome ein tilleggsproposisjon for 2021 i byrjinga av november, og ei ny saldering for 2020 i slutten av november. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2020

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå 2020 til 2021 er 3,1 prosent. Gjennomsnittleg vekst for landet er 3 prosent. 24 av kommunane i Vestland ligg under veksten for landet, medan 19 kommunar ligg likt eller over landsveksten. Anslag på deflator er sett til 2,7 prosent. Sjå graf om nominell prosentvis vekst i frie inntekter nedanfor:

Veksten i frie inntekter vil variera mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er endringar i inntektssystemet, i folketalet og alderssamansetjing, andre kriteriedata, skjønstilskot, veksttilskot, distriktstilskot eller småkommunetillegg, og i skattegrunnlaget.

Du finn brev til kommunane med ei oppsummering av statsbudsjettet 2021 og tabell over dei frie inntektene, til høgre i artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.