Val av ordførar og varaordførar ved skriftleg votering

Fleire kommunar i landet har gjennomført skriftleg votering ved val av ordførar og varaordførar. Det er ikkje lenger lov etter den nye kommunelova.

Publisert 11.10.2019

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fått spørsmål frå fleire kommunar om konsekvensane av val av ordførarar og varaordførarar ved skriftleg votering. KMD publiserte difor ein artikkel om saka.

Departementet skriv at bruk av skriftleg votering ikkje nødvendigvis gjer at valet er ugyldig. Det er først og fremst kommunen som må vurdere om valet er gyldig eller ikkje. KMD viser til fleire moment som det må takast omsyn til i denne vurderinga. Valet er gyldig viss kommunestyret meiner at voteringsmetoden ikkje var avgjerande for kven som vart valt. I slike tilfelle er det ikkje trong for at kommunestyret gjennomfører eit nytt val. Viss det vert konkludert med at valet er ugyldig, må kommunestyret gjennomføre valet på nytt i samsvar med voteringsreglane i den nye kommunelova.

Les meir om saka på nettsida til departementet.    

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.